Hopp til innhold

Folkemusikk-instrumenta

Dei instrumenta vi reknar som folkemusikkinstrument i dag, er dei som var i levande bruk på 1800-talet, då innsamlinga av norsk folkemusikk tok til for alvor.

Hardingfele

Hardingfele

Foto: Scanpix / SCANPIX

Dette er:

  • Lur
  • Bukkehorn
  • Seljefløyte
  • Prillarfløyter
  • Munnharpe
  • Langeleik
  • Hardingfele
  • Vanleg fele, som også vert kalla flatfele, dusinfele eller tyskfele

Eldre folkemusikkinstrument

Her spiller Egil Storbekken og Solveig (etternavn ukjent) på lur iført bunader.

Her speler Egil Storbekken og Solveig (etternavn ukjent) på lur iført bunader.

Foto: Børretzen, Sverre A. / NTB scanpix

Luren er eit svært gamalt instrument. Den er kjent frå mellomalderen og kan truleg følgjast endå lengre attende. Luren er eit typisk gjetarinstrument. Tonen i instrumentet er sterk og gjennomtrengjande. Den kunne difor vera nyttig til å skremma vekk rovdyr med. Saman med bukkehornet og fløytene har luren vore mykje brukt som signalinstrument. Rett og slett eit middel folk brukte for å koma i kontakt med kvarandre. Luren er laga av to uthola trestykker som er lagt saman og surra med never eller anna materiale. Dermed får ein eit ganske tunt røyr, vanlegvis om lag ein meter langt. Den tynnaste enden er forma som eit rundt munnstykke som ein pressar leppene mot. Teknikken når ein blæs på lur er den same som når ein spelar på messinginstrument, f.eks. trompet.

Bukkerhorn

Bukkehorn

Foto: WayneRune007 / CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=23512510

Bukkehorn er også eit gamalt gjetarinstrument, kjent alt i mellomalderen. Av dette finst det to hovudtypar. Ei type kan blåsast som eit messinginstrument. Den andre er skråskåre i enden og har påsurra ei lita flis, som regel laga av einer. På den måten liknar munnstykket på ein klarinett. Bukkehornet har fingerhol, vanlegvis 3 – 4, av og til opp til åtte. Enkelte stader vert instrumentet kalla «prillarhorn». Instrumentet er dessutan kjent i ulike variantar over heile verda.

Folkemusikk seljefløyte

Eivind Groven (1901-1977) speler seljefløyte

Foto: -ukjent fotograf- / NRK

Seljefløyta er laga av seljebark. Det er ganske rart å tenkja på at denne fløyta truleg har spelt ei stor rolle i norsk folkemusikk. For den kan ikkje brukast meir enn i høgda eit par månader i året. Med rette kan ein seia at seljefløyta høyrer våren til. Den kan lagast når sevja stig opp i seljetreet, og gjer det mogeleg å løyse barken frå veden i ei fin og kvistfri grein. Instrumentet er vanlegvis frå 40 til 80 centimeter langt. I den eine enden er det sett i ein trepropp. Blåseprinsippet er det same som for blokkfløyta. Men du heldt den på sida som ei tverrfløyte, og blæs inn i eit hol på sida. Seljefløyta har ikkje fingerhol, men kan spelast både som ope og lukka røyr, idet den opne enden av fløyta kan stengjast med ein finger.
I dag slepp ein å venta på våren dersom ein har lyst til å spela seljefløyte. Instrumentet vert laga enten i plast eller metall slik at ein kan øve seg heile året, inntil våren kjem og sevja stig innanfor seljebarken.

Folkemusikk - Tussefløyte

Geirr Egil Larsen, Verdal speler på tussefløyte

Foto: -ukjent fotograf- / NRK

Prillarfløyter. Det er brukt mange namn om trefløyta som i hovudsak er bygd på same måten som ei blokkfløyte. Tussefløyte er den kjent som mange stader. Dette namnet er truleg ei fornorsking av det eldre namnet tyskfløyte – altså ei fløyte som kom frå Tyskland. Talet på fingerhol kan variere, men det vanlegaste har vore 7 + 1. I Buskerud er det særleg Numedal som har ein sterk tradisjon med fløytespel. «Sjøfløyte» er namnet som har vore brukt på instrumentet her.

oldest musical instrument Jews harp

Munnharpe

Foto: Valery Voennyy / https://www.colourbox.com/

Munnharpa er kjent over store delar av Europa og Asia. Instrumentet er laga av ei metallbøyle som munnar ut i to parallelle «bein». Mellom desse beina ligg ei fritt-svingande stålfjør. «Beina» på metall-bøyla vert halde mot tennene, slik at stålfjøra kan svinge fritt mellom tennene i over- og underkjeven. Ein spelar munnharpe ved å slå på fjøra og samstundes nytte munnhola som resonansrom.

Folkemusikk

Margit Tveito Gunhildgard og Gunnar Storeli begge fra Ål spiller langeleik utenfor Ål folkemuseum

Foto: Rolf Myklebust / NRK

Langeleiken er truleg det eldste av strengeinstrumenta i norsk folkemusikk. I dag er det i hovudsak i Valdres at langeleiken har halde seg i levande tradisjon, men tidlegare har instrumentet vore brukt over store delar av landet. Langeleiken har ei avlang resonanskasse av tre. Over den er det spent sju eller åtte strenger. Den strengen som ligg nærast den som spelar, er melodistrengen. Dei andre strengene er stemt i ein akkord og har som oppgåve å klinge med som akkompagnement til melodien. Langeleik vert spela med plekter. I Valdres nyttar dei nemninga snert, og denne er laga av horn.

Alle dei ovanfor nemnde instrumenta vert i dag vanlegvis omtala under fellesnamnet eldre folkemusikkinstrument.

Hardingfele og vanleg fele

Hardingfela kan vel seiast å ha vunne ry som sjølve symbolet på «det norske» blant folkemusikkinstrumenta våre. Det er fleire ting som skil hardingfela frå ei vanleg fele. Den har kortare hals og større lydhol. Men viktigast er nok understrengene, som går gjennom eit hol i stolen og under gripbrettet. Som regel er det fire understrenger, men fem er vorte meir og meir vanleg. Desse strengene vert ikkje spelt på, men vert sett i vibrasjon og ligg og kling med i spelet. Stolen er litt lågare enn på ein vanleg fiolin, og den er dessutan flatare for å lette bruken av dobbeltstrøk (spel på fleire strenger samstundes). Dei eldre hardingfele-typene var noko mindre enn ei vanleg fele. I dag vert hardingfelekroppen bygd meir likt den vanlege fela, men instrumentet vert stemt noko høgare.

Ingeleiv Kjerland Kvammen

Ingeleiv Kjerland Kvammen

Foto: -ukjent fotograf- / NRK

Dei fleste har sikkert også merka seg at instrumenta er rikt dekorerte med innlegg av perlemor og bein på gripbrettet og rosedekorasjonar på sjølve kroppen. Dette har liten eller inga akustisk betydning for instrumentet, men er sjølvsagt med på å gje hardingfela eit særpreg. Den eldste hardingfela som er kjent er den såkalla Jaastad-fela frå Hardanger, signert «Ola Jonsen Jaastad 1651».

Det er truleg at namnet hardingfele i fyrstninga rett og slett tydde ei fele som var laga i Hardanger, skriv Bjørn Aksdal (Fanitullen 1993). I utviklingsperioden for 350 år sidan var det spesielle med instrumentet at det summerte opp og vidareutvikla mange av dei instrumentmessige impulsane som låg i tida. Samtidig bygde instrumentet på strykeinstrument som alt var i bruk, og på repertoar og speltradisjonar her i landet som går tilbake i mellomalderen.

Hardingfela spreidde seg raskt utover delar landet på slutten 1600-talet og på 1700-talet. Det gamle hardingfeleområdet dekkjer grovt sett Telemark, Numedal, Sigdal/Eggedal, Krødsherad, Hallingdal, Valdres, og Vestlandet frå Hardanger til Sunnfjord. På slutten av 1800-talet spreidde hardingfela seg vidare til Setesdal og Nordfjord og delar av Møre og Romsdal.

Den eldste felemakaren ein har dokumenterte opplysningar om er Isach Nielsen Skaar (Botnen) (1663-1759) i Hardanger. Saman med sonen Trond Isachsen Flatebø (Botnen) (1713-1772) bygde han instrument av høg kvalitet som bl.a. gjennom sal på Kongsbergmarken også hamna austafjells. Botnen-karane utvikla hardingfela i retning av fiolinen og auka talet på resonansstrenger frå to til tre og seinare fire.
På slutten av 1700-talet var hardingfela kjend over det meste av det geografiske området vi i dag reknar for hardingfeleområdet. Etter at felene frå Hardanger var blitt kjent austafjells begynte dei å laga hardingfeler i Telemark og. Blant dei mange som laga instrument var Jon Eriksen Helland (1790-1862), frå Bø. Han var den fyrste felemakaren i slekta som skulle koma til å fostra dei viktigaste og største felemakarane i landet. Sønene, Erik Johnsen Helland og Eilev Johnsen Steinkjønndalen, vart stamfedrar i kvar si slektsgrein med ei rad uvanleg gåverike instrumentbyggjarar. Steintjønndal-feler og Helland-feler vart spreidde over heile landet. Ei mengd toppinstrument som dagleg er i bruk, og som dei beste spelemennene står i kø for å sikra seg eit eksemplar av.

Det vert brukt ei rekkje ulike stemmingar på hardingfela. Normalstemminga, eller normal-stillet som dei fleste kallar det, er a, d, a, e. Det skil seg frå vanleg felestemming ved at bassen er stemt opp frå g til a. Understrengene stemmer ein då d, e, fiss, a. Men også vanleg felestille vert brukt. Det vert kalla«nedstilt bass», og understrengene er då stilt i d, e, g, a. Ein annan nokså vanleg måte å stemme på er trollstemt. Overstrengene a, e, a, ciss og understrengene ciss, e, fiss, a. I alt kjenner vi til over 20 forskjellige måtar å stemme hardingfela på. Dyktige spelemenn kunne gjerne meistre 10–15 av dei.

Ola Moløkken (1871-1957)

Ola Moløkken (1871-1957)

Foto: -ukjent fotograf- / NRK

Vanleg fele, eller flatfele som ho også vert kalla, blir brukt i folkemusikken i dei delane av landet der hardingfela ikkje har spreidd seg. Den vanlege fela kom truleg også i bruk på 1600-1700-talet. I enkelte av vanleg feledistrikta finn ein gamal tradisjon både i stemmemåtar og i måte å spela på, som har mange fellestrekk med hardingfelemusikken.