Kjersti Wøien Håland debuterte med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsingKjersti i 2013. For den, og romanen og diktsamlingane som følgde, har ho fått mykje merksemd. Ho skriv om unge menneskjes søken etter identitet, men også om klimaproblema. Nedanfor finn du åtte utvalde dikt frå forskjellige diktsamlingar, og undervisningsopplegg til kvar av dei.
I dette intervjuet snakkar forfattaren om korleis eit dikt skil seg frå for eksempel romanen.
Forfattaren setter blant anna søkjelyset på det stadig veksande ønsket vårt om merksemd. Og ikkje minst, det aukande presset om å lukkast. Ho beskriv ein generasjon som har alle moglegheiter – bortsett frå å feile.
Det er litt sånn følelsen av å vere på fest og å vere einsam på fest. Føle seg veldig synleg, men ikkje bli sett likevel. Du står midt i den store tida der alt skal skje, og så føler du at du berre er ein statist i eige liv.
Kjersti Wøien Håland
Dikta byggjar delvis på forfattaren sine eigne erfaringar, og det kleine, det pinlege, ja, til og med det vonde skildrast ofte med humor. Slik går dikta rett inn i vår eiga samtid og kultur – det er så mykje fint med oss menneske, så kvifor gjør vi så mykje dumt?
«Håland sin forfattarskap synleggjer ein ung generasjon som leiter etter meining. Tekstane hennar er engasjerande, gripande og avslørande, tidvis sjølvutleverande. Alvor går hand i hand med humor, og både framandgjering og identitet er ofte tema. Forfattaren skriv på nynorsk og nyttar eit kortfatta, leikande og tydeleg språk». – Store norske leksikon
Bruk dikta i klasserommet
I desse undervisningsopplegga får elevane høyre forfattaren Kjersti Wøien Håland lese utvalde dikt frå fire forskjellige diktsamlingar. Det er laga undervisningsopplegg til kvart av dikta.
Undervisningsopplegga tek utgangspunkt i faga norsk og samfunnsfag, og er tilpassa elevar på ungdomstrinnet og på vidaregåande skule.
Kor mykje ein veit om forfattaren frå før, kan vere med på å avgjere kva for meining ein finn i diktet. Nokre gonger tolkar du på ei heilt anna måte om du veit alt om forfattaren, enn om du ikkje veit noko.
Under finn du videoklipp med informasjon om bakgrunnen og tankane til Kjersti Wøien Håland. Ho fortel kvifor ho skriv, korleis desse dikta vart til, og om kvifor ho skriv på nynorsk. Du kjenner elevane dine best, og bestemmer sjølv korleis du vil introdusere dikta og forfattaren til dei!
Kjersti Wøien Håland er født i 1988 og vaks opp i Høyanger i Vestland. Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga ''Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti'' i 2013. Ho har seinare gitt ut tre diktsamlingar til og ein roman. I tillegg var ho serieskapar på ungdomsserien ''Lovleg'', vist på NRK i 2018–2019.
Undervisningsopplegg til dikta hennar finn du i lenka under.
I dette intervjuet snakkar forfattaren om kva nynorsk betyr for ho og kvifor ho synast nynorsk er ''rock 'n' roll''.
I dette intervjuet snakkar forfattaren om korleis ho får ein ide til eit dikt.
I dette intervjuet snakkar forfattaren om korleis ein personleg oppleving blir til ei diktsamling.
I dette intervjuet snakkar forfattaren om kva det betyr at alle dikta i ein diktsamling har ein overordna tematikk.