Kva for meining kan ein eigentleg finne i dette korte diktet?
La elevane dine gå på jakt i diktet!
Høyr forfattaren lese diktet
I dette klippet les forfattaren diktet ''i seine timar''.
Etter første gjennomlesing
Tenkeskriv i fem minutt om desse spørsmåla:
Kva for følelsar og refleksjonar vekker diktet?
Kva er det som vekker desse følelsane og refleksjonane?
Sjølvrefleksjon
Lag eit tankekart der du reflekterer over dine eigne erfaringar og følelsar knytte til:
- sjølvbilete
- sosiale medium
- gruppepress
Andre ting å tenke på:
- Korleis er det å prøve å «vere seg sjølv» i ei verd kor idealet ofte er at du skal vere ein annan?
- På kva slags måte viser diktet korleis mange ungdommar lev i dag?
Skriv ditt eiget «i seine timar» – dikt
Ta utgangspunkt i tankekartet og skriv din eigen versjon av diktet «i seine timar»
Gjennom ditt eiget dikt skal du utforske tankar, følelsar og opplevingar knytt til korleis du lever livet ditt i et samfunn kor idealet ofte verkar uoppnåeleg. Reflekter også over kva betydning dette har å seie for din eigen kvardag og vala du tar.
Husk at denne skriveoppgåva er ei kreativ utforsking av dine eigne tankar og følelsar. Det er ingen fasit, så ver open for å eksperimentere og la din personlege stemme kome til uttrykk gjennom diktet ditt.
Deling eller innlevering
Del diktet ditt med andre i klassa.
Alternativ 1: Elevane deler diktet sitt munnleg i klassa.
Alternativ 2: Elevane leverer inn diktet skriftleg
Alternativ 3: Elevane lager video av seg sjølve mens de les diktet.
Diskuterer korleis dikta skil seg frå kvarandre, og på kva måte dei liknar kvarandre.
Kva for tema og følelsar kjem fram i dei ulike dikta?