Hopp til innhold

Undervisningsopplegg: så sat eg der då

I dette diktet tematiserer forfattaren temaa identitet, utanforskap og tilhøyrsle.

Kjersti Wøien Håland 
forfatter
Foto: Klaus Erik Okstad / NRK

Diktet «så sat eg» følgjer eg-personen gjennom eit heilt døgn. La elevane dine tolka diktet og reflekter over forfattarens bruk av kvardagssituasjonar.

Høyr forfattaren lese diktet

Kjersti Wøien Håland er født i 1988 og vaks opp i Høyanger i Vestland. Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga ''Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti'' i 2013. Ho har seinare gitt ut tre diktsamlingar til og ein roman. I tillegg var ho serieskapar på ungdomsserien ''Lovleg'', vist på NRK i 2018-2019.
I dette klippet les forfattaren diktet ''så sat eg der då''.
Undervisningsopplegg til diktene hennes finn du i lenka under.

I dette klippet les forfattaren diktet ''så sat eg der då''.

Etter første gjennomlesing

Tenkeskriv i fem minutt om desse spørsmåla:

  • Kva for følelsar og refleksjonar vekker diktet?
  • Kva er det som vekker desse følelsane og refleksjonane?

Nærles diktet

1. Kva kan du lese ut av første vers?

2. Kva for kontrastar finn du i diktet og kvifor trur du forfattaren brukar dei?

3. Kva for konnotasjonar og metaforar finst i desse uttrykka:

  • gjekk i eitt med bakgrunnen
  • la meg flat
  • stod for

4. Kva andre verkemiddel finn du i diktet?

5. Skriv ei tolking av diktet der du reflekterer over korleis forfattaren skildrar kvardagen til eg-personen.

  • Diktet er henta frå diktsamlinga «Kom og hent meg». Er det noko samsvar med denne tittelen, og diktet «så sat eg»?
  • På kva måte er repetisjonane med på å definere kven eg-personen er?