Hopp til innhold

Undervisningsopplegg – ljosa vil kome på

I diktet «ljosa vil kome på» skildrar forfattaren korleis det er å plutseleg vere i ein situasjon som du ikkje meistrar.

Kjersti Wøien Håland 
forfatter
Foto: Klaus Erik Okstad / NRK

Høyr forfattaren lese diktet

Kjersti Wøien Håland er født i 1988 og vaks opp i Høyanger i Vestland. Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga ''Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti'' i 2013. Ho har seinare gitt ut tre diktsamlingar til og ein roman. I tillegg var ho serieskapar på ungdomsserien ''Lovleg'', vist på NRK i 2018-2019.
I dette klippet les forfattaren diktet ''ljosa vil kome på''.
Undervisningsopplegg til diktene hennes finn du i lenka under.

I dette klippet les forfattaren diktet ''ljosa vil kome på''.

Etter første gjennomlesing

Tenkeskriv i fem minutt om desse spørsmåla:

  • Kva for følelsar og refleksjonar vekker diktet?
  • Kva er det som vekker desse følelsane og refleksjonane?

Sjølvrefleksjon

Lag eit tankekart der du reflekterer over dine eigne erfaringar og følelsar knytte til:

  • panikk
  • pinlege situasjonar
  • blikk

Andre ting å tenke på:

  • Korleis er det å vere midt oppe i ei større gruppe menneske?
  • Korleis er det å vere aleine?
  • Kan det å vise at du er sårbar også vere ein styrke?

Skriv ditt eige «ljosa vil kome på» – dikt:

Ta utgangspunkt i tankekartet og skriv din eigen verson av diktet «ljosa vil kome på».

Gjennom ditt eiget dikt skal du utforske tankar, følelsar og opplevingar knytt til situasjonar kor du kanskje sjølv har følt deg sårbar eller utilpass.

Husk at denne skriveoppgåva er ei kreativ utforsking av dine eigne tankar og følelsar. Det er ingen fasit, så ver open for å eksperimentere og la din personlege stemme kome til uttrykk gjennom diktet ditt.

5 Deling eller innlevering

Del diktet ditt med andre i klassa

Alternativ 1: Elevane deler diktet sitt munnleg i klassa.

Alternativ 2: Elevane leverer inn diktet skriftleg

Alternativ 3: Elevane lager video av seg sjølv lese diktet.

Diskuter korleis dikta skil seg frå kvarandre, og på kva måte dei liknar kvarandre.

Kva for tema og følelsar kjem fram i dei ulike dikta?