Hopp til innhold

Undervisningsopplegg: av og til

Dette diktet frå diktsamlinga «Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti.» er skrive i ei tid da sosiale medium var forholdsvis nytt.

Kjersti Wøien Håland 
forfatter
Foto: Klaus Erik Okstad / NRK

Kva for meining kan ein eigentleg finne i dette korte diktet?

La elevane dine gå på jakt i diktet!

Høyr forfattaren lese diktet

Kjersti Wøien Håland er født i 1988 og vaks opp i Høyanger i Vestland. Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga ''Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti'' i 2013. Ho har seinare gitt ut tre diktsamlingar til og ein roman. I tillegg var ho serieskapar på ungdomsserien ''Lovleg'', vist på NRK i 2018-2019.
I dette klippet les forfattaren diktet ''av og til''.
Undervisningsopplegg til diktene hennes finn du i lenka under.

I dette klippet les forfattaren diktet ''av og til''.

Etter første gjennomlesing

Tenkeskriv i fem minutt om desse spørsmåla:

  • Kva for følelsar og refleksjonar vekker diktet?
  • Kva er det som vekker desse følelsane og refleksjonane?

Nærles diktet

1. Korleis påverkar linjedelinga i diktet korleis du oppfattar det?

2. Kva for kontrastar og symbolikk finst i disse orda:

  • poserer
  • overvaka

3. Kva for andre verkemiddel finn du i diktet?

4. Ta utgangspunkt i verkemidla du har funne, og skriv ei tolking av diktet med overskrifta «av og til».

  • Introduser forfattaren og bakgrunnen hennar.
  • Bli betre kjent med forfattaren her.
  • I hovuddelen visar du til verkemidla som er brukt i diktet. Kva gjer dei med korleis du oppfattar meininga i diktet?
  • Avslutt med ein oppsummering av din tolking av diktet. Har du funne eit bodskap?