Bussveg 20??

Bussvegen på Nord-Jæren skulle bli Nord-Europas lengste. Nå har budsjettet sprukke med meir enn 5 milliardar, berre 5 av 45 kilometer er ferdig, og ingen vågar å spå når resten er klart.

Opphavleg kalla politikarane i Rogaland prosjektet for Bussveg 2020.

Så blei det Bussveg 2021, og seinare har dei ikkje skifta årstal.

Dei har tatt det vekk.

I 2012 blei det bestemt å byggje ein 45 kilometer lang «motorveg» for bussar på Nord-Jæren.

Dei første signala gjekk på at den skulle stå ferdig i 2017.

I 2022 kan me slå fast at det ikkje skjedde. For ennå er det slett ikkje bygd 45 kilometer. Foreløpig står trippteljaren på om lag fem kilometer.

Det er mogeleg at heile strekninga mellom Sandnes og Stavanger, det tredje største byområdet i landet, får midtstilt bussveg ein gong.

Men det veit me ikkje på mange år ennå.

Og denne strekninga er berre om lag ein tredjedel av den planlagde bussvegen.

Me sit med tre spørsmål:

  • Kva skjedde?
  • Korleis kunne det skje?
  • Kvifor skjedde det?

Som du sikkert har forstått. Dette er ei lang og komplisert historie.

Lat oss byrja med ein familie som fekk prosjektet rett i fanget, bokstaveleg talt.

Utan jobb og utan hus

Thor-Arve Kvinen overtok huset på Gausel i Stavanger i 1997. For ti år sidan blei han kalla inn til eit møte hos Statens vegvesen.

Thor-Arve Kvinen og Trine Sundt.

Thor-Arve Kvinen og kona Trine Sundt.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Der fekk han vita at huset hans sto like på sida av den nye bussvegen mellom Stavanger og Sandnes.

På møtet sa Vegvesenet at han likevel skulle få behalde det, ifølge Kvinen.

Dersom han tolte nokre år med bygging og sprenging.

Men så dukka dei første teikningane av bussvegen opp. Då oppdaga han at bussvegen kom til å koma nær huset hans. Veldig nær.

Thor Arve Kvinen

Omtrent her ville husdøra til Thor Arve Kvinen sitt hus vore.

Thor Arve Kvinen

60 til 70 centimeter skulle det vera mellom gang- og sykkelvegen og inngangen.

Thor Arve Kvinen

Her kan me ikkje bu, var Kvinen og kona Trine Sundt sin konklusjon.

Så dei bad om å få eigedommen kjøpt ut. Det aksepterte Vegvesenet, men då byrja vanskane for kona i huset.

Ho hadde ein glasblåsarverkstad i kjellaren der ho dreiv bedrifta si.

Selskapet hennar hadde ein leigeavtale i huset. Den var det to år igjen på.

Det var så kort tid at Vegvesenet ikkje hadde noko ansvar for å skaffe ho eit nytt næringslokale.

Oransje glas i fokus, kvinne i ufokus

Trine Sundt brukar ofte sterke fargar i glaskunsten sin

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Og fordi Trine dreiv sitt eige selskap, hadde heller ikkje Nav noko ansvar då ho stod utan verkstad og utan inntekter.

Arbeidsløysepengar kunne ho sjå langt etter.

I dag jobbar ho som resepsjonist og har sett glasblåsardraumen på pause.

Thor-Arve Kvinen understrekar at han ikkje har noko formelt å utsetje på korleis Vegvesenet har oppført seg.

Men han veit kva råd han vil gi andre som kjem i same situasjon.

Halveis nedrive hus til Thor Arve Kvinen

Gravemaskin i ferd med å rive huset der ekteparet budde isaman.

Foto: Thor Arve Kvinen

– Pass på helsa. Når du blir offer for eit så stort prosjekt som bussvegen, så tar det mykje nattesøvn.

Historia til Thor-Arve summerer på mange måtar opp historia til bussvegen. Det finst ulike versjonar av den langs heile traséen.

Vanlege folk og næringsinteresser som må flytte på seg, tilpasse seg ein ny kvardag eller må slutte med det dei held på med.

Like ved der huset til Thor-Arve og Trine stod, går det ennå føre seg intenst byggearbeid.

– I 2017 sa Vegvesenet sine folk at det skulle vera ferdig innan to-tre år, minnest Thor-Arve Kvinen.

Dei første metrane

Me går tilbake til byrjinga og svarar på spørsmål ein: Kva skjedde?

Det største samferdsleprosjektet nokon gong på Nord-Jæren, med eit foreløpig budsjett på 10,6 milliardar kroner, byrja stille og forsiktig hausten 2005.

Det skulle byggjast kollektivfelt i Hillevåg bydel i Stavanger.

Og det skulle gjerast slik at det seinare kunne bli bybane.

Det tok si tid, men det stod ferdig i 2011. Til stor feiring.

Første del av bussvegen.

Første del av bussvegen opna i 2011.

Dette var første spede start på det som eitt år seinare blei kalla bussvegen på Nord-Jæren.

Alt då burde det kanskje ha ringt ei varselklokke. Det tok seks år å få ferdig 800 meter.

Så tok det to år på neste etappe. Den var litt over ein kilometer og gjekk fram til Mariero.

Deretter blei det skikkeleg vanskeleg med det neste strekket. Først i juni 2018 kom bussvegen fram til Vaulen.

Då hadde det gått 12–13 år frå starten i 2005. Og lengda på bussvegen var blitt 2,9 kilometer.

Den store idéen

Det mangla altså ikkje på optimisme i starten. Og den første lovnaden kom på den tida.

I 2012 meinte samferdslesjefen i Rogaland at heile prosjektet kunne byggjast på fem år og stå ferdig hausten 2017.

Gunnar Eiterjord

Samferdslesjefen i Rogaland fylkeskommune i 2012, Gunnar Eiterjord, ville ha bussveg, ikkje bybane.

Foto: Anders Fehn / NRK

Det var i 2012 det blei endeleg bestemt at det skulle bli bussveg og ikkje bybane på Nord-Jæren.

To viktige argument var at det skulle gå raskare å byggje og vera billegare enn ein bybane.

Bussvegen, som består av fleire strekk på til saman 45 kilometer, skal bli Nord-Europas lengste bussveg når den står ferdig.

Men ein forstod raskt at 2017 kom til å bli litt for tidleg.

Løfte nummer to kom så i 2015. Då blei sluttdato flytta frå 2017 til 2021.

Spådom frå fylkesordføraren

Bussvei på Forus

Fylkesordførar Janne Johnsen (H) og varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli (Frp), opna ei bussvegstrekning på Forussletta i 2015.

Foto: Erik Auklend / NRK

– I 2021 er det bygd 45 kilometer med flunkande ny, midtstilt bussveg, erklærte fylkesordførar Janne Johnsen (H) til Rogalands Avis i 2015.

Sjeldan har ein spådom vore mindre treffsikker.

Så kom lovnad nummer tre. Sluttdatoen i 2021 blei flytta til 2023.

Byvekstavtale med staten

Det går an å orsake den tidlegare samferdslesjefen. Han kom med si meining i 2012. Då var det ennå prosjektet på skrivebordsnivå.

Verre er det som skjedde fem år seinare, då byvekstavtalen blei skriven med staten 28. september 2017.

Signering Byvekstavtalen Nord-Jæren

Byvekstavtalen mellom Rogaland fylkeskommune, kommunane på Nord-Jæren og staten blei underteikna i 2017. Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) og ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø (H) sit i midten.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Det er mindre enn fem år sidan. Og i den avtalen står følgjande:

Strekninga frå Sandnes til Stavanger sentrum, med sidearm til Forus, er planlagt å stå ferdig i 2021.

Resten er planlagt å stå ferdig i 2023.

Alle strekk skulle vera klåre til å bli gjort om til bybane, dersom politikarane seinare bestemte seg for det.

Det skjedde ikkje.

Kart over bussvegen på Nord-Jæren

Slik ser det ut nå

Nå veit me at den framtidige konverteringa til bybane blei skrota, fordi det kosta for mykje.

Budsjettet har auka frå 5 milliardar kroner i 2012 til 10,6 milliardar i dag.

Det står gravemaskinar langs store delar av traséen, som skulle ha vore ferdig for lengst.

Og ingen vil spå når heile bussvegstrekket mellom Stavanger og Sandnes står ferdig.

Buss i fart på Gausel

Bussen kan snart køyre på ny veg gjennom Gausel i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

13 kilometer frå Sandnes til Hillevåg i Stavanger skal rett nok vera klart sommaren 2026.

Men når dei resterande 2,3 kilometrane inn til Stavanger jernbanestasjon ein gong er ferdig, vil ikkje eingong bussvegsjef Harald Bøhn spekulere i.

Heller ikkje når resten av prosjektet kjem til å vera klårt for busstrafikk.

Er det nokon som burde sagt frå?

Me går vidare til dei neste spørsmåla: Korleis kunne det skje, og kvifor skjedde det?

Her skuldar partane på kvarandre.

Det vil seie: Pensjonert samferdslesjef i Rogaland, Gottfried Heinzerling, tar på seg halvparten av skulda.

Gottfried Heinzerling

Gottfried Heinzerling har vore øvste ansvarleg for bussvegen sidan han byrja i jobben som samferdslesjef i Rogaland fylkeskommune i 2012.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Me i administrasjonen var for optimistiske. Me såg ikkje kor komplisert det var å byggje stort og breitt inne i store byar, seier han i dag.

Han vedgår også at dei la seg på ein litt for høg standard.

Skulle han gjort det om igjen, ville han vore meir fleksibel med kor traséen skulle gå.

Og så har han lært ei viktig lekse. Det er å sjå planlegging og utbygging i eitt.

– Det nyttar ikkje først å planlegge den perfekte løysinga, når det praktisk ikkje let seg gjennomføre, seier Heinzerling.

Og når planlegginga ikkje er god nok, dukkar problema opp. Problem har det blitt mange av.

Problem 1: Vassleidninga som var i vegen

På industriområdet Forus, like ved travbanen, ligg ei rundkøyring. Gjennom fleire år hadde planlegginga gått føre seg for å få bussvegen på plass i dette krysset.

Men då bygginga skulle starta i 2018, viste det seg at hovudvassleidninga på Nord-Jæren gjekk rett under krysset. I tillegg var det store mengder med røyr, kablar og leidningar.

Så då måtte mykje planlegging gjerast på nytt, etter at dei alt hadde planlagt i åtte år.

Nå skal krysset stå ferdig innan 2025.

– Er det ikkje naturleg for ein planleggar å kasta eit blikk på kommunale kart over kor det går vassleidningar?

Heinzerling svarar ikkje direkte på spørsmålet, men slår fast at:

Du kan oppleve nokre overraskingar, men planlegging og prosjektering må sjåast under eitt. Det gjer me nå, seier han.

Problem 2: Den kritiske ordføraren

Den andre halvdelen av ansvaret for forseinkingane tilhøyrer politikarane, meiner den tidlegare samferdslesjefen.

Eg hadde ønska meg at regionen sto samla bak bussveg-vedtaket frå desember 2012, seier Heinzerling.

Særleg gjeld det Ap, Sp og Frp, som stemte for bussveg i fylkestinget, i staden for bybane, meiner han.

Styringsgruppa bymiljøpakken

Sandnesordførar Stanley Wirak (Ap) snakkar med fylkesordførar Marianne Chesak (Ap) i eit møte i styringsgruppa til bomringen på Nord-Jæren. Bomringen finansierer halvparten av bussvegen.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Det er spesielt signala i styringsgruppa frå Ap-ordførar Stanley Wirak i Sandnes han reagerer på.

Det har Heinzerling opplevd som manglande støtte.

Ifølge Heinzerling stilte Wirak spørsmål i tre forskjellige styringsgruppemøter om ikkje superbuss-løysinga i Trondheim kunne vera like god som bussvegplanane på Nord-Jæren.

– Det er mindre omfattande og har lågare kostnad enn bussvegen, seier Heinzerling.

– Men er dette grunnen til årevis med forseinkingar på bussveg-prosjektet?

Viss du vil korta inn planlegging- og byggeperioden, så må politikarane satse for fullt. Det nyttar ikkje å ha ei «kanskje-innstilling», seier den tidlegare samferdslesjefen.

Sandnesordførar Stanley Wirak presiserer at han aldri har motarbeida bussveg-prosjektet. Men han er også klar i at det har vore nødvendig å ha ei kritisk innstilling.

– Vårt problem var at me ikkje innsåg kor lite kontroll administrasjonen hadde, seier Wirak.

Han meiner at styringsgruppa burde ha vore endå tydlegare i krava sine, og seier at det var overskridingar på hundrevis av millionar som ikkje administrasjonen visste om.

– Eg sit i ei styringsgruppe, ikkje i ei sandpåstrøingsgruppe, understrekar Wirak.

Reaksjonen til Heinzerling på den siste påstanden er at den er drøy, spesielt med tanke på kor mykje kostnadsfokus administrasjonen har hatt på prosjektet.

Problem 3: Treige politikarar

Eitt eksempel på at politisk behandling forseinkar bussvegen, handlar nettopp om traséen frå handlesenteret Kvadrat og inn til Sandnes sentrum.

I mars 2020 hadde leiaren i samferdsleutvalet i Rogaland fylkeskommune Alexander Rügert-Raustein (MDG) fått nok av at det drog ut å få denne strekninga byggeklar.

I eit intervju med NRK kritiserte han Sandnes kommune.

Då hadde planlegginga gått føre seg sidan 2016.

Alexander Rügert-Raustein

Alexander Rügert-Raustein, MDG

Foto: Anders Haualand / NRK

Først brukte Sandnes ti månader på å saksbehandla forslaget som Bussveg-prosjektet hadde lagt fram.

Deretter sende Sandnes kommune forslaget tilbake til Bussveg-prosjektet med beskjed om at det var uakseptabelt.

– Dette forseinka bussvegen med minst eitt år. Kanskje eitt og eit halvt, seier Rügert-Raustein.

Men han får kontant svar frå sandnesordførar Stanley Wirak (Ap).

– Det har tatt så lang tid fordi me må lytta til folk som bur langs traséen og til næringslivet, seier Wirak.

Då det endeleg var klar ein plan som kunne gjennomførast, behandla Sandnes kommune den i løpet av eit par månader, slår Wirak fast.

Han meiner at Bussveg-prosjektet planla bussvegen for brei og dominerande.

– Dei hadde ikkje tatt omsyn til innbyggjarar og næringsliv langs vegen, seier ordføraren.

I mars i år kom det endelege vedtaket i kommunestyret i Sandnes. Til hausten byrjar truleg bygginga.

Problem 4: Dei umogelege 300 metrane

Tar det lang tid å planlegge bussvegen dei siste kilometrane inn til Sandnes sentrum, så er det ikkje betre det siste strekket inn til Stavanger.

Og nå må du følgje nøye med på geografien.

To kilometer frå Stavanger sentrum ligg Strømsbrua. Brua leiar trafikken frå Stavanger aust inn på fylkesveg 44, der bussvegen skal gå.

Strømsbroa i Stavanger

Strømsbrua leier biltrafikken frå Stavanger aust inn på fylkesveg 44, der den skal konkurrere med bussvegen nokre hundre meter.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Nokre hundre meter lengre sør tar dei fleste bilane av til høgre og inn i ein tunnel i retning motorvegen.

Desse få hundre metrane har hittil vore umogeleg å planlegge.

Sommaren 2021 blei alt planleggingsarbeidet lagt i ei skuff.

Det skjedde i samråd med Stavanger kommune.

Utbyggingsplanane var då blitt så omfattande at dei etter Stavanger kommune si meining kom til å øydeleggje bydelen, der bussvegen skulle gå gjennom.

Området i Hillevåg, ved inngangen til tunnelen mot motorvegen. Forslaget var å heve bussvegen og lage ei rundkøyring over fylkesveg 44. Forslaget er foreløpig lagt til sides.

Området i Hillevåg, ved inngangen til tunnelen mot motorvegen. Forslaget var å heve bussvegen og lage ei rundkøyring over fylkesveg 44. Forslaget er foreløpig lagt til sides.

Foto: Multiconsult

– I tillegg hadde forslaget blitt for dyrt å gjennomføre innanfor budsjettet til bussvegen, seier leiar for Bussveg-prosjektet, Harald Bøhn.

Nå skal kommunen og Bussvegprosjektet byrja på nytt, og koma opp med eit heilt nytt forslag i årsskiftet 2022/23.

Problem 5: Kjem bussvegen fram til Stavanger?

Harald Bøhn blei tilsett som bussvegsjef for to år sidan.

I fjor sommar slo han fast at bussvegen frå Sandnes til Hillevåg i Stavanger skal vera ferdig til bruk sommaren 2026.

Resten av strekninga inn til Stavanger skal nytta eksisterande veg og kollektivfelt. Delar av avstanden har alt kollektivfelt, andre delar har ikkje det.

Men når bussane kan køyre utan hindring, også denne strekninga (2,3 km), vil han ikkje tidfeste.

Bussvegen rundt jernbanestasjonen i Stavanger.

Det skuldast delvis planleggingsfadesen i Hillevåg, og delvis at bussvegen er avhengig av kor togskjenene skal plasserast når Stavanger jernbanestasjon er ferdig ombygd.

Den planen blir ikkje godkjent før tidlegast hausten 2022, og det er sporplanen som avgjer korleis bussvegen kan byggjast rundt stasjonen.

Harald Bøhn, leiar av bussvegkontoret på Nord-Jæren.

Harald Bøhn, leiar av Bussveg-prosjektet på Nord-Jæren.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Då NRK intervjua Bøhn 16. februar i år, visste han ikkje ein gong om dei 25 meter lange leddbussane klarte å koma seg rundt jernbanestasjonen i Stavanger.

Her er det ikkje bussfelt heile vegen, og i tillegg er det trongt.

I månadsskiftet mars/april har Bøhn blitt meir optimistisk.

– Me veit at det er trongt, men me kjem til å løyse dette, slår han nå fast.

Nord-Europas lengste bussveg – i 2033?

Den skulle ha vore ferdig i 2017, i 2020 og i 2021. Deretter blei det i 2023 og nå står lovnaden på sommaren 2026.

For 13 av til saman 45 kilometer.

Og resten?

Vel, nokre kilometer i endane av prosjektet er vegen gjort smalare og billegare for at bussvegen skal klare å halde budsjettet på 10,6 milliardar kroner.

– Men det som står igjen skal i alle fall stå klart innan 2033, når bompengeperioden som delvis finansierer bussvegen går ut, seier tidlegare samferdslesjef i Rogaland, Gottfried Heinzerling.

Nåverande bussvegsjef vil ikkje vera meir nøyaktig.

Me må jo vera ferdige før bompengeperioden går ut, men eg lovar ikkje ein spesiell dato, seier bussvegsjef Harald Bøhn.