Hopp til innhold

Vil husa asylsøkjarar i konteinarar

Konteinarhyblar kan bli løysinga når asylsøkjarane skal vidare frå idrettshallar og hotell. Stavangerfirma kan ha 1000 sengeplassar klare før nyttår.

Moduler i stål kan bli løsningen for mer permanente asylmottak i distriktet. Et Stavangerfirma kan levere 1000 enkle, billige og fleksibel kontainerboliger allerede før jul.

SJÅ REPORTASJEN: I slike konteinarhyblar vil firmaet MyBox husa flyktningar.

Stavangerfirmaet MyBox har utvikla konteinarhyblar for studentar. No ser dei at dei kan bidra til å løysa den akutte flyktningsituasjonen Norge er i.

Dei lovar å kunne levera 10.000 modular neste år, og at dei allereie før jul kan husa 1000 personar.

Magnus Øgård Meisal

KONTEINAR-GRÜNDER: Magnus Øgård Meisal, dagleg leiar i MyBox.

Foto: Erik Waage / NRK

– Me ser at det kjem til å vera ein eksplosjon av behov for modular, så me har vore i kontakt med produsentar i heile verda for å sikra kapasitet til Norge i samarbeid med andre modulleverandørar her i regionen, seier Magnus Øgård Meisal, dagleg leiar i MyBox.

– Lang levetid

Konseptet starta som ei studentoppgåve ved Universitetet i Stavanger . Hyblane er flyttbare, og kan dermed også brukast etter flyktningane har vore flytta ut, meiner Øgård Meisal.

– Modulbustader er ganske viktig med tanke på at du skal klara å laga ei løysing som lett kan flyttast seinare. Når dei reiser, så går det an å bruka dei same investeringane me har gjort i Norge, som bistand på eit seinare tidspunkt, til dømes i Syria, seier Øgård Meisel.

Flyktningsituasjonen krev raske løysingar. I første omgang vil UDI bruka store bygg og hallar i ein kort akuttfase. Neste steg er meir permanente mottak. MyBox kan levera allereie neste veke, dersom det skulle bli aktuelt. Øgård Meisel meiner det også kan få positive følgjer i ein hardt pressa byggebransje i oljefylket.

– Klarer me å mobilisera den kapasiteten som finst i marknaden, så er ingenting betre: då blir det god næringspolitikk i tillegg, å byggja mottak her i byen, seier han.

Containerhybel på Uis

STÅR VED UIS: Desse hyblane står like ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Kan ikkje sjå bort frå

Fylkesmannen i Rogaland kan på ståande fot ikkje seia om dette er eit aktuelt alternativ å bruka i Rogaland.

– Vi har, som kjent, samla inn moglege lokalitetar frå kommunane, men denne var ny for oss. Det er uansett UDI som vurderer dei ulike tilboda og kvaliteten av desse, skriv Harald Thune, assisterande fylkesmann, i ein epost til NRK.

Per A. Thorbjørnsen (V), leiar i kommunalstyret for miljø og utbygging i Stavanger, fortel at det går i retning av at kommunen ikkje vil bli ein aktør til å driva asylmottak i Stavanger. Om MyBox-alternativet seier han følgjande:

– Det har sjølvsagt med kostnadar å gjera, men om dei klarer å husa 1000 personar innan jul, så går det ikkje an å sjå bort frå det i denne situasjonen. Den endrar seg frå dag til dag, og eskalerer det endå meir, så er dette noko som kan vurderast, anten i kommunal eller privat regi, seier Thorbjørnsen.