Hybelen du ser i videoen over er 25 kvadratmeter stor og er framtidas buform for studentar, ifølgje to unge gründerar.
Det som begynte som ei studentoppgåve har blitt til eit byggeprosjekt for Magnus Ødegård Meisal (25) og Kristoffer Sørstrønen (25).
Mangelen på studenthyblar i Stavanger er så stor at dei to studentane tok hammaren i eigne hender og fekk laga splitter nye studenthyblar av gamle konteinarar.
3000 timar gjekk med
Fredag var det offisiell «boksopning» av seks ombygde shippingkonteinarar på Universitetsområdet i Stavanger.
Om ti år finst det 1000 slikt bustadar i Stavanger, ifølgje Ødegård Meisal.
– Konteinarane me til nå har bygd fann me i ei hamn i Amsterdam. Der var dei forlatne, nå har me skapt nytt liv i dei, seier den unge gründeren.
Dei to 25-åringane har etablert selskapet MyBox AS. Bustadane er laga etter modell frå utlandet, tilpassa norsk klima og norske studentar.
– Eg er letta over å vera i mål, men det har vore mykje arbeid. 3000 timar hår gått med, seier Ødegård Meisal.
Skrikande behov
Hyblane er modulbaserte, og kan ifølgje dei to, enkelt produserast i fabrikklokale innandørs.
Dei er eit skrikande behov for nye studentbustadar over heile landet. Flaskehalsane er ledige tomter og tilskot frå staten.
Hybel-gründerane meiner dei kan bygga så billig at utbyggarane ikkje treng trygla staten om pengar.
– Me ser for oss at dei kan gå direkte til Husbanken og sleppa å få tilskot frå staten for å bygga, seier Sørstrønen.
Det einaste som trengst er ein liten lovendring frå politikarane. Får gründerspirene det, pluss ein solid investor, er dei klare til å bygga kloss på kloss.
– Me har fått førespurnader både frå Trondheim, Bergen, Haugesund, Stavanger og Oslo. Målet vidare er å gi gass og levera tusenvis av bustadar til heile Norge, seier Magnus Ødegård Meisal.