Hopp til innhold

Rektor oppfordrar politiet til å reagera sterkare på russe-hærverk

Skeisvang vidaregåande skule seier nei til å ta denne hærverksaka opp i konfliktrådet. – Ei bot frå politiet vil vera ei meir passande straff, meiner rektor. Dette får konfliktrådet til å reagera.

Russeherjing Skeisvang

Slik blei dei tilsette på Skeisvang vidaregåande skule møtt ein dag i November i fjor. Skulen meiner at det ikkje har noko for seg å ta saka opp med gjerningspersonane i konfliktrådet.

Foto: M.A.

– Det er nedslåande å koma på ein arbeidsplass der bygningane er tilgrisa av maling, egg og andre ting år etter år, seier rektor ved Skeisvang vidaregåande skule i Haugesund, Kirsti Storhaug.

– Konfliktrådet hjelper ikkje

Ifølgje Haugesunds Avis har ho årleg i over 20 år opplevd denne type hærverk i russetida. Og når syndarane blir tekne, er den vanlege praksisen at saka kjem opp i konfliktrådet (sjå faktaboks). Nå er rektor lei av å ha denne type saker her:

– Etter mange års erfaring med konfliktrådet som reaksjon på hærverk, opplever me at det ikkje har nokon effekt, derfor håper me at politiet heller kan bøtleggja dei som gjer dette, seier rektoren.

Ho trur det vil vera meir skremmande for russen dersom dei får høyra at politibot er reaksjonen på hærverk.

Reagerar

Dette er ei uttaling som får leiar i Konfliktrådet i Haugaland og Sunnhordland til å reagera:

– Rektor har ingen rett til å setja hardt mot hardt på denne måten, det er påtaleeininga hos politiet som avgjer korleis dei skal reagera, og når det kjem til folk som bryt lova for første gong er dei pålagde å gje tilbod om konfliktråd dersom sakene ikkje er svært alvorlege, seier Marit Bjørnestad.

I september i fjor kom dei tilsette på Skeisvang vgs. til ein svært tilgrisa skule (sjå bilete), dei meldte saka til politiet, som gav tilbod om konfliktråd.

(Saka held fram under bilete)

Russeherjing på Skeisvang vgs.

Skulen brukar mykje pengar tid å pengar på å fjerna hærverket til russen, noko blir dei aldri kvitt seier rektoren.

Foto: M.A.

La vekk saka

Denne gongen hadde skulen fått nok, og dei takka nei. Dermed gjekk saka tilbake til politiet som valde å leggja saka vekk.

Nå har fylkeskommunen ved fylkesordførar Tom Tvedt, klaga på dette vedtaket, og rektor håper at saka vil bli sett på på ny av politiet.

Konfliktrådet på si side understrekar at ein ikkje må straffa nye russar for det tidlegare kull har gjort:

– Det er ikkje dei same personane som gjer dette om att og om att. I 90% av sakene som er oppe i konfliktrådet blir partane einige om ei løysing, derfor er det effektivt. Så må me heller saman med skule og politi jobba meir førebyggjande for å unngå at nye episodar skjer.

Forstår frustrasjon

Ho fryktar at utspelet frå rektoren kan ha ein motsatt effekt.

– Men forstår du ikkje at rektor vil ha strengare reaksjon når dette skjer år etter år?

– Eg kan forstå at ho kan vera fortvila, og eg ønskjer å saman sjå på om me kan gjera andre ting for at dette ikkje skal gjenta seg. Til dømes gjennom dialog med russestyra.

Russeherjing på Skeisvang vgs.

Slik ser det ut på asfalten i dag, der det blei skrive 'Blå makt' i maling i fjor.

Foto: M.A.

– Passar av og til

Storhaug håper at ho vil bli høyrt av politiet, og at dei vil bli med på bøtelegging.

– Er det ikkje betre at saker hamnar i konfliktrådet?

– I fleire høver er det nok det beste. Mobbesaker er til dømes saker som passer godt til denne type mekling, men erfaringa vår er at hærverket ikkje sluttar i konfliktrådet.

– Korleis trur du ungdommar sjølv ser på konfliktrådet?

–Ikkje særleg avskrekkande.

Politiet har ikkje vore tilgjengelege for kommentar i denne saka i dag.