Norges Naturvernforbund sender no brev til finansminister Kristin Halvorsen der dei krev at det vert innført CO2-avgift, seier leiar Lars Haltbrekken.
Dei fryktar at auka bruk av gass vil gå på bekostning av meir miljøvenlege energikjelder som bioenergi og varmepumper. Om gassen vert brukt til matlaging i heimen eller til oppvarming av eit større kontorbygg og erstattar olje er det same for naturvernforbundet. Dei meiner det må bli dyrare å bruka naturgass slik at utsleppa av klimagassen CO2 vert redusert.
Lyse Gass har opplevd ei enorm interesse for naturgasss sidan oppstarten i fjor haust, og leverer no gass som tilsvarer straumforbruket til 20 000 husstandar.
Denne utviklinga likar Naturvernforbundet dårleg. Haltbrekken synes det er ei skremmande utvikling og spør seg korleis det ser ut om 10-15 år, og kva utslepp det å blir knytta til naturgass.
Administrerande direktør Torbjørn Johnsen i Lyse Gass fryktar ei CO2-avgift vil hindra at endå meir forureinande energikjelder vert bytta ut, og at miljøet taper på det. Han meiner at alle avgifter vil kunna slå negativt ut for bruken av naturgass,