Hopp til innhold

– Folk vil ha Vestlandet i hagen

Komikar Rune Bjerga gir vekk Vestlandet gratis på Finn.no. Det har gitt kjemperespons frå heile landet.

Finn-annonse om Vestlandet

Denne annonsen blei lagt ut på Finn.no i går. Så langt har 97.000 klikka seg inn på den.

Foto: Skjermdump Finn

– Eg måtte berre få det ut. Og annonsen blei ein slags ventil, seier komikar Rune Bjerga frå Stavanger.

Natt til tysdag fekk Rogaland ekstreme mengder med nedbør, og vinden blåste i opp mot storm styrke. Det var dropen for komikaren.

Så lei var han det dårlege vêret på Vestlandet, at han i går la ut ei annonse på Finn.no med tittelen «Vestlandet gis bort».

LES ANNONSEN HER

Annonsen har engasjert mange. 97.000 har vore inne og lest annonsen, og han har fått hundrevis av e-postar.

Rune Bjerga

Rune Bjerga har fått nok av det dårlege sommarvêret på Vestlandet. Det er det fleire som har.

Foto: Skjermdump/Youtube

– Det har teke heilt av. Det har kome e-postar frå heile Norge, meldingar på Facebook, og riksavisene har ringt. Eg har rett og slett mista litt oversikta. Det er løye, seier Bjerga.

Vil hente Vestlandet med hengar

Han trur han har sett ord på ein frustrasjon som mange kjenner seg igjen i.

– Det viser kanskje at det var på vegner av mange. Og det viser at vêret engasjerer.

Men sjølv om vêret på Vestlandet ikkje har vore noko å skryte av i sommar, så finst det nokon som likevel kan tenkje seg å overta landsdelen.

– Det er mange morosame e-postar. Dei vil koma og henta Vestlandet med hengar, og ei spør om det er plass til Vestlandet i hagen.

Framleis glad i Vestlandet

Interessa for Vestlandet er der altså, men Bjerga har førebels ikkje delt ut landsdelen til nokon.

– Nei, eg trur ikkje eg har mandat til det, så eg vågar ikkje. Det var som sagt berre ein ventil.

For eigentleg så meiner han at Vestlandet ikkje er så gale.

– Eg elskar Vestlandet, og eg kjem alltid til å bli buande her. Men eg måtte berre få det ut, avsluttar Bjerga.