Hopp til innhold

Vil byggja Goliat i Rogaland

Fylkesordføraren har skrive brev om kvifor til olje- og energiministeren.

Tom Tvedt
Foto: NRK

Fylkesordførar Tom Tvedt vil ha Goliatutbygging til Rogaland. Goliat er den første utbygginga av eit oljefunn i Barentshavet.

I eit brev til olje- og energiministeren skriv fylkesordføraren mellom anna at Goliatplattformen kan bety mykje for næringslivet i fylket, og meiner utbygginga er viktig for å halda på kompetansen innan norsk industri.

Tvedt meiner plattformen bør bli bygd ved offshoreverkstader i Rogaland.

19.06.2009 kom stortingsvedtaket som sikrar at Goliat-utbygginga gjennomføres.


Flere nyheter fra Rogaland