Hopp til innhold

Tapte valet – nå vil fleirtalet gi gamle-ordføraren jobb som politisk støtte

Det politiske fleirtalet i Karmøy vil bruka 600.000 kroner på å la den nyleg avgåtte ordføraren få jobba som politisk støtte. Politisk kommentator Trond Birkedal har aldri høyrt på maken.

Jarle Nilsen

NY JOBB: Den nyleg avgåtte ordføraren i Karmøy kommune, Jarle Nilsen (Ap), er tiltenkt ei lønna stilling som politisk støtte. Opposisjonen reagerer kraftig.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Det er kanskje noko av det villaste eg har høyrt når det gjeld korleis politikarar kjem på løysingar for å kunna berika seg sjølv, seier politisk kommentator, Trond Birkedal.

Eit fleirtal i formannskapet i Karmøy stemte nyleg for å oppretta ei ny politisk stilling og kjøpa fri ein person 50 prosent.

I forslaget frå fleirtalet står det også at det er Arbeidarpartiet som skal bli tildelt ressursen. Og høgst truleg er det tidlegare Ap-ordførar, Jarle Nilsen, som er tiltenkt jobben.

Trond Birkedal

Trond Birkedal, politisk kommentator.

Foto: Elise Pedersen / NRK

Det er sett av 590.000 kroner til dette i neste års budsjett.

– Det er problematisk fordi folk vil tenka at dette berre er gjort for at Jarle Nilsen skal ha eit levebrød. Når han ikkje blei ordførar igjen, så skal liksom dei politiske vennane ta vare på han, seier Birkedal.

Jarle Nilsen (Ap) meiner rolla er viktig.

– Dette er ikkje å berika seg sjølv på nokon som helst måte. Dette skal komme innbyggarane og næringsliv til gode og vere med på å utvikle heile haugalandsregionen, seier Nilsen.

Jarle Nilsen og May Synnøve Rygh

Jarle Nilsen (Ap) på møte i formannskapet. Til høgre sit varaordførar May Synnøve Rygh (KrF).

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Dårleg reklame for kommunen

Men Trond Birkedal meiner det sender dårlege signal.

– Det stiller Karmøy i ein spesiell situasjon, fordi det står fram veldig uprofesjonelt. Det er dårleg reklame for kommunen, meiner han.

Men ikkje berre for kommunen. Birkedal meiner også det er spesielt at Arbeidarpartiet valde å prioritera som dei gjorde i forhandlingane.

– Arbeidarpartiet har ikkje prioritert meir pengar til sjukeheimar, skular eller fleire lærarar. Det som var viktigast for Ap, som gjorde at ein fann ei løysing her, var rett og slett at dei greidde å skaffa ei stilling til den tidlegare ordføraren sin. Og det er kanskje noko av det verste dømet på korleis politikarane mjølar si eiga kake, seier Birkedal.

Nilsen på si side meiner stillinga er ein god investering:

– Alle prioriteringar vi gjer politisk blir samanlikna med sjukeheimsplassar, talet på lærarar i skulen og ikkje minst talet på gatelys. Men vi har avgrensa med midlar og då gjeld det å fordele dei midlane på ein god måte. Dette er ei sak samarbeidspartia var heilt samde om, seier han.

Opposisjonen derimot.

Opposisjonen reagerer

– Vi er kraftig ueinige i dette. Dette er Arbeidarpartiet sin måte å fortsetta å sitta med makta, seier Rune Midtun.

Han var Framstegspartiet sin ordførarkandidat i Karmøy. Partiet fekk flest stemmer ved valet i haust. Men makta fekk dei ikkje, sjølv om dei gjorde mange forsøk.

Karmøy var blant dei siste kommunane i landet som greidde å finne ut av kven som skulle styra kommunen etter valet i haust.

Rune Midtun

Rune Midtun var ordførarkandidat for Frp i Karmøy.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Det tok fire veker før Sosialistisk Venstreparti, Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre og Høgre til slutt fann saman.

Den tidlegare Ap-ordføraren Jarle Nilsen hadde då gått med på å gi ordførarkjeda vidare til Høgre. KrF fekk varaordføraren.

Men nå viser det seg at Ap likevel vil få ei viktig rolle i den politiske leiinga av kommunen.

– Vi ser på dette som uheldig politisk støtte til Ap. Ingen har bedt om dette, seier Midtun.

Les også Dei er erkerivalar i norsk politikk – men her trur dei på godt samarbeid

Viktig del av forhandlingane

Ifølge den ferske varaordføraren frå KrF, May Synnøve Rygh, var det Ap som sjølv kom med forslaget då dei forhandla om eit politisk samarbeid.

May Synnøve Rygh

May Synnøve Rygh er varaordførar i Karmøy.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Dette var Ap si viktigaste sak, i alle fall ei av dei viktigaste sakene i forhandlingane etter valet, seier May Synnøve Rygh.

– Var det slik at dei ikkje ville vera med på samarbeidet, dersom dette ikkje blei innfridd?

– Det var slik vi tolka det, ja, seier varaordføraren.

Nilsen på si side seier at denne stillinga kom opp som ein del av forhandlingane og at det var fleire parti som spelte inn eit behov for ein større politisk ressurs.

– Då var det heilt naturleg at Arbeidarpartiet, som er det største i samarbeidskoalisjonen, fekk moglegheit til å tiltre det vervet, seier han.

Varaordføraren får halv løn

Karmøy er ein kommune med over 40.000 innbyggarar. Rygh seier at kommunen brukar lite pengar på politiske ressursar i forhold til storleiken. Det er berre ordføraren som får 100 prosent godtgjering, sjølv får ho 50 prosent.

– I førre kommunestyreperiode var det forslag om å auka godtgjeringa til varaordføraren. For i praksis jobba varaordføraren minst like mykje som ordføraren, men for halve lønna.

– Men kunne de ikkje heller brukt pengar på det?

– Jo, det kan du godt seia. Men nå var det slik at dette var Ap si viktigaste sak i forhandlingane. Då imøtekom vi det, fire veker på overtid, seier Rygh.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg