Hopp til innhold

Slik reagerer supporterklubben på sparkinga av Bjarne Berntsen

STAVANGER (NRK): Torsdag kveld var Vikinghordene inne på klubbens stadion. På bannera dei hang opp var det klar melding om kva dei meiner om styret.

Vikinghordene er ikkje samde i Viking-styret si avgjersle om å sparka Bjarne Berntsen

Vikinghordene har om lag 300 medlemmar. Fleire av desse vil stå bak desse bannera under kampen mot Start på laurdag.

Foto: Vikinghordene

– Me vil ikkje ha svada-piss om at tidspunktet var rett og at styret tenker langsiktig. Me vil ha skikkelege svar, seier Roar Åkerlund, som er leiar i Vikinghordene.

Torsdag kveld var dei ute på tokt på Viking stadion.

I etterkant av sparkinga av trenar Bjarne Berntsen, som for mange var som uforklarleg, hadde dei ei klar melding til styreleiar Thor Steinar Sandvik.

«Sirkus Sandvik må gå» står det på det eine banneret.

Vil ikkje kommentera

NRK har snakka Thor Steinar Sandvik. Han seier at situasjonen er for uoversiktleg til at han vil kommentera kravet frå Vikinghordene nå.

nettsidene sine har styret lagt ut ei grunngjeving for avskjeden.

Her skriv dei mellom anna at Bjarne Berntsen sjølv var klar for å gå over i jobben som sportssjef neste sesong. Men at styret ikkje ville inngå ein langsiktig avtale med Berntsen om dette.

Det skal ikkje vikingtrenaren ha vore «komfortabel med».

Men supporterklubben krev betre svar enn dette. Åkerlund utdjupar kritikken mot styret slik:

– Når dei har bestemt noko som går imot det 99 prosent av dei som er glade i klubben meiner, så meiner me dei må gå, seier han.

Har hatt stor suksess

Bjarne Berntsen tok på ny over som trenar då Viking var i første divisjon. I sin første sesong rykka han opp. I andre sesong tok han NM-gull og sikra ein sterk femteplass på tabellen.

Og nå må han altså gå, etter å ha fullført sin tredje sesong. Førebels er laget på 7.-plass på eliteserietabellen.

Det er Bjarte Lunde Aasheim og Morten Jensen som frå neste sesong skal vera likestilte trenarar for klubben.