Hopp til innhold

Viking-trenaren har fått sparken: – Eg er veldig skuffa og trist

Viking-trenar Bjarne Berntsen får ikkje halda fram som hovudtrenar i sitt siste kontraktsår. Den arbeidslause trenaren er nå langt nede.

Bjarne Berntsen er ferdig i Viking

HAR FÅTT SPARKEN: Viking-trenar Bjarne Berntsen må gi seg som hovudtrenar i Viking, eitt år før kontrakten går ut.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Det er eit samrøystes styre i Viking Fotball AS som har tatt avgjersla, skriv Stavanger Aftenblad. Berntsen får leia laget ut sesongen, men 1. januar er det slutt.

– Me føler timinga er god. Bjarne Berntsen har gjort ein kjempejobb i tre år og me er godt rusta til å vidareføra den jobben. Prosessen har vore lang og god, seier styreleiar i klubben, Thor Steinar Sandvik, til NRK.

– Men kvifor får han sparken dersom han har gjort ein god jobb?

– Me ville helst hatt han med vidare det siste året i kontrakten, men me blei ikkje einige. Då vel me denne løysinga, seier Sandvik.

Berntsen: – Veldig skuffa

Berntsen skreiv under sluttavtalen med Viking onsdag. Stavangerklubben ønska å ha han med vidare i ei rolle som sportsleg leiar i 2021, men det takka altså trenarveteranen nei til.

Bjarne Berntsen er langt nede etter den overraskande avgjersla.

– Eg er veldig skuffa og trist. Eg har hatt tre fantastisk kjekke år og er veldig stolt over resultata me har oppnådd, seier Berntsen til NRK.

Berntsen gjorde comeback som trenar i klubben etter nedrykket frå Eliteserien i 2017. Han tok laget opp igjen på første forsøk.

I fjor blei det cupgull. Nå ligg laget komfortabelt på 7.-plass i Eliteserien.

Berntsen seier han var interessert i jobben som sportsleg leiar. Men ein 1-årskontrakt blei for kort.

– Då det var uaktuelt å diskutera ein lenger kontrakt forstod eg at det ikkje var eit reelt ønske å ha meg med vidare i ei anna rolle. Då var det best å takka for meg.

Berntsen

KRONA SESONGEN: Bjarne Berntsen leia Viking til cupgull og 5.-plass i Eliteserien mot alle odds førre sesong. Nå får han ikkje halda fram i jobben.

Foto: Fredrik Hagen

Supporterklubben: – Ut av det blå

Leiar av supporterklubben Vikinghordene er mildt sagt overraska.

– Det kjem plutseleg og heilt ut av det blå. Det er klart me blir overraska, seier supporterleiar Roar Åkerlund.

Han håper likevel at leiinga har ein god plan, sjølv om han ikkje hadde noko ønske om at trenaren skulle forsvinna etter denne sesongen.

– Når du ser tilbake på det Bjarne Berntsen har gjort, er det jo heilt fantastisk. Han har fått oss tilbake til å bli ein klubb me kan vera stolte av. Men rammevilkåra hans har også blitt betre, seier Åkerlund.

Viking inviterer til pressekonferanse fredag klokka 10.

Då blir eit nytt trenarteam presentert. Ifølge styreleiar Sandvik blir dei siste korta lagde i dag.

Ifølge Stavanger Aftenblad overtar Morten Jensen og Bjarte Lunde Aarsheim som hovudtrenarar i Viking. Dei to er i dag assistenttrenarar i klubben.

Bjarne Berntsen seier han nå vil bruka tid på å finna ut kva som blir den neste jobben.

– Er du motivert for ein ny jobb i fotballen?

– Ja.