Hopp til innhold

Her skal eliteserien 2013 sparkast i gang

– Me skal laga fest på Viking stadion, seier Viking-direktør Arne Larsen Økland. I dag blei det klart at det er dei som skal stå for avspark av eliteserien 2013.

Godset tapte mot Viking

Fredag 15. mars klokka 19.00 tar Viking imot Molde på Viking stadion.

Foto: Kent Skibstad / NTB scanpix

I dag offentleggjorde NFF lista over TV-kampane i dei første åtte rundane av årets eliteserie.

Fredagskampen blir mellom Viking og regjerande seriemeistrar Molde i Stavanger, til Viking-leiinga si store glede.

– At me får fredag som første og einaste kamp gjer at me får ekstra stor merksemd. Me skal laga fest på Viking stadion, seier direktør Arne Larsen Økland på klubben sine nettsider.

– Eit rotterace

– Eliteseriestarten med Viking–Molde blir ein knallstart med seriemeisteren ut mot eitt av dei beste laga i fjor haust. Det er akkurat den starten me ønska oss. Ole Gunnar Solskjær har sagt at årets sesong blir eit rotterace, og det startar fredag 15 mars, seier Niels Røine i Norsk Toppfotball.

Første rund blir elles spelt laurdag og sundag.

På laurdag tar Aalesund imot FK Haugesund, medan Brann spelar mot Vålerenga i Bergen. Resten av kampane blir spelte på sundag.