Hopp til innhold

– Nokon må bryta lova

Leiar for vikarbyrået Konstali Helsenor, Svein Konstali, meiner at det er umogleg å ikkje bryta lova i helsesektoren. Anten må det gå ut over arbeidstidene eller liv og helse, meiner han.

Video Grove brudd i vikarbransjen

Ein vikar frå Konstali Helsenor arbeidde 92 timar på ei veke. (Foto: Eirik Gjesdal)

Svein Konstali

Svein Konstali er administrerande direktør for selskapet Konstali Helsenor, som fleire kommunar brukar til å få vikarar til sjukeheimane sine.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Stavanger kommune har nyleg påvist fleire grove brot på arbeidstidsbestemmingane på sjukeheimane sine.

Ein av vikarane har arbeidd i heile 92,5 timar i løpet av ei veke.

Det er dei innleidde vikarane frå Konstali Helsenor som har arbeidd langt over det lovlege timetalet. Men direktøren i selskapet ser ikkje andre utvegar:

Vurderar å heva kontrakt

– Det er omsynet til liv og helse som gjer at dette har skjedd. Det er vel umogleg å jobba i denne sektoren utan å bryta lova, det er det som er problemet, seier Konstali.

Selskapet hans står for seksti prosent av dei innleidde vikarane i Stavanger, i tillegg har Konstali Helsenor kontraktar i fleire andre kommunar rundt om i landet.

– Me er ikkje nøgde med dei alvorlege brota på arbeidstidsbestemmingane som me har funne, og forventar at leverandøren tar tak i dette, seier Kjartan Møller som er fagsjef for kommunale anskaffingar i Stavanger kommune.

Dei delar ikkje synet på lovbrot med Konstali og vurderar nå å heva kontrakten si med vikarbyrået.

– Først vil me gå inn å sjå på om dette er uttrykk for ei generell haldning, seier Møller.

Saka kjem i kjølvatnet av NRK-avsløringar om at Adecco har drive ulovleg på alle sine sjukeheimar i Norge.

– Mangel på hender

Også Sola kommune, som nyttar seg av Konstali Helsenor, vil sjå nærmare på timelistene til vikarane.

Det er mangel på hender til å pleia dei eldre som er hovudproblemet meiner Konstali:

Det er vilt at ein av våre tilsette har arbeidd 92,5 timar på ei veke, men det er omsynet til liv og helse som gjer at det har skjedd, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland