Hopp til innhold

– Ingen grunn til å reisa utanlands nå

Akkurat nå er Vestlandet varmast i landet, og strendene på Jæren ser ut som postkort frå Syden. Her kan du sjå video og bilete frå når solsvoltne badegjestar strøymer til Solastranda.

NRK Rogaland sette opp eit kamera på Sola strand hotel, og tok bilete ut mot Solastranda i fleire dagar når godveret endeleg kom sommaren 2013.

SJÅ VIDEO: Når sommaren kom til Vestlandet sette NRK.no opp eit kamera på Sola strand hotell, med utsikt til Solastranda. Sjå videoen her.

Sist torsdag var det mange på Vestlandet, som ikkje hadde stor tru på at dei skulle få oppleva sol i sommar. Dagane i førevegen hadde vore prega av regn og skodde og låge temperaturar. Ein elendig vestlandssommar kalla NRK-journalist Mikal Olsen Lerøen den i ein subjektiv reportasje.

Men så skjedde det. Meteorologane kom med det glade bodskap: – Til helga kjem også sommaren til Vestlandet. Og det har den gjort med stil.

Sjå bileta frå Solastranda:

Varmast i landet

Heile helga, fram til i dag og vidare fram til sundag skal sola skina, og temperaturane vera høge.

– Vestlandet er den varmaste delen av landet nå. I går blei dei høgste temperaturane målt i Hordaland, deretter kjem Sogn og Fjordane og Rogaland. I Rogaland var høgste temperatur 27,5 grader på Eik-Hove i Lund, seier statsmeteorolog Anne Mette Olsen.

Og vêret har gjort noko med humøret til folk.

– Ein kan fort bli litt deprimert av det vêret me så langt har hatt. Men når me endeleg får godt vêr her heime er dette den flottaste plassen. Alt er perfekt og det er ingen grunn til å reisa til utlandet, seier Åge Langeland, som har tatt turen til Solastranda saman med dottera.

NRK.no sette opp eit kamera på Sola Strand Hotel, som syner korleis folk kjem i hopetal til stranda når det er godt vêr. (Sjå videoen øvst i artikkelen).

Blidgjorde politiet

Sola gjorde også inntrykk på politiet. Ved middagstider laurdag kom denne meldinga frå Rogaland politidistrikt sin offisielle Twitter-konto:

«1240. Ingen spesielle hendelser i distriktet. Håper solen har en beroligende effekt på alle og enhver. Nyt dagen!»

Og meteorologane seier at godvêret skal vara, men med moglegheit for litt tåke, og kanskje nokre småbygder.

– Når helga kjem vil det framleis vera varmt og godt, i alle fall i Rogaland. Her kjem det nok mindre nedbør enn nord på Vestlandet. Sundag ser me likevel at det kjem nedbør og sønnavind. Så det gjeld å koma seg ut før dette, seier Olsen.