Hopp til innhold

Opp mot eitt års ventelister på sjølvhjelpsbøker

Vil du låne ei ny sjølvhjelpsbok? Då må du kanskje vente i månadsvis.

Sofie Birgitte Andersen

Dei mest populære sjølvhjelpsbøkene har opp mot eitt års ventetid.

Foto: Maja Mathisen / NRK

Nytt år, nye moglegheiter – på tide å bli eit betre menneske. Kanskje greitt å lese ei bok eller to om korleis det skal gjerast.

Av sjølvhjelpsbøkene som toppar listene, ligg mellom anna bøker om korleis du kan stresse mindre, korleis du bør ete, korleis du får til å konsentrere deg og korleis bli betre kjent med den mentale helsa di.

Men skal du låne ei av dei attraktive sjølvhjelpsbøkene, må du stille deg langt bak i køen.

På fleire bibliotek er det nemleg opp mot eitt års ventetid.

Berre på biblioteket Deichman i Oslo står over 900 på venteliste for å låne Marit Kolbys «Kva og når skal vi ete?»

– Eg trur ein alltid har eit ønske om å bli betre. Det handlar nok mykje om at vi lever i ein kultur der det er stort fokus på å nå måla sine, seier Sofie Birgitte Andersen.

Andersen jobbar på Sølvberget bibliotek i Stavanger sentrum og har veldig sansen for sjølvhjelpsbøker.

Sofie Birgitte Andersen

Sofie Birgitte Andersen har lese mange sjølvhjelpsbøker.

Foto: Maja Mathisen / nrk

Ho har mista teljinga over kor mange sjølvhjelpsbøker ho har lese, men trur det nærmar seg 60 bøker sidan ho først fekk sansen for sjangeren.

– Eg vart litt hekta på den kjensla av produktivitet det gir meg. Det er litt tåpeleg, men du kjenner deg produktiv når du les sjølvhjelpsbøker.

På Sølvberget vart det registrert 1094 utlån av sjølvhjelpsbøker berre i fjor.

Dette er nokre av sjølvhjelpsbøkene folk helst vil lese for tida

Pulskuren av Dr. Torkil Færbø
Bootcamp for psyken av Maria Abrahamsen
Sunnere livsstil av Emilie Nereng
Mikrovaner av James Clear
Hva og når skal vi spise? av Marit Kolby
Femdagers nullstilling av Inge Lindseth og Susann Stave

– Spesielt på starten av året

Vibeke Viland driv Norli i Langgata i Sandnes. Når kalenderen viser eit nytt år, er salsborda fylte med sjølvhjelpsbøker.

Vibeke Viland

Dagleg leiar i Norli Langgata, Vibeke Viland, merkar spesielt høg pågang etter nyttår.

Foto: Maja Mathisen / nrk

– Spesielt i byrjinga av året merkar vi stor pågang, når folk har ny giv og nyttårsforsett.

Ho peikar på bordet framfor seg.

– Halve bordet her er jo berre sjølvhjelpsbøker. Så det er populært!

Dei siste åtte åra har det vore ein naturleg del av eit nytt år å leggje fram bøkene om sjølvutvikling. Men etterspurnaden er stigande for kvart år.

– Eg trur det kjem mykje av media. Ein får tips både på TikTok og andre kanalar som spreier seg som eld i tørt gras.

– Ikkje overraska

Psykolog Egon Hagen er ikkje overraska over kor mange som ønskjer å lese sjølvhjelpsbøker. Men han synest det er viktig at ein er klar over kjensla av å alltid ville bli betre.

Psykolog Egon Hagen

Psykolog Egon Hagen.

Foto: Maja Mathisen / NRK

– Du kan ikkje leve eit liv der du alltid vil vere ein annan eller prøve å leve eit anna liv enn det du har. Det å ikkje heile vegen tenkje at om du gjer noko anna, då blir du lykkeleg.

Men han meiner likevel det ikkje er dumt å setje seg mål.

– Det å ha noko å strekkje seg etter, viss ein tenkjer det er inspirerande, synest eg er fint.

– Kan vere ei ulempe

Både Viland og Andersen trur den høge etterspurnaden også kjem av at vi heile tida ønskjer å forbetre oss.

Dette meiner Andersen nødvendigvis ikkje berre er bra.

– Eg trur ulempa er at ein kan bli altfor besett av å prøve å leve best mogleg. Så gløymer ein å faktisk leve. Som kultur har vi ein tendens til å vilje oppnå meir heile tida, og då trur eg sjølvhjelpsbøker forsterkar den kjensla.

Selvhjelpsbøker er svært populære

Sjølvhjelpsbøker har vorte populære på mellom anna TikTok.

Foto: Maja Mathisen / NRK

Hei!

Har du noen innspill eller tanker rundt saken du har lest? Er det noe som interesserer deg som jeg burde ta en nærmere titt på? Da vil jeg gjerne høre fra deg! 

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg