– Vi må snu alle steinar for å få prosjektet ned i pris, seier avdelingsdirektør Gyda Grendstad i Vegdirektoratet.
Rogfast skal sørge for ferjefritt vegsamband under Boknafjorden, og ligg an til å bli Noregs største vegprosjekt nokosinne. No varslar Vegdirektoratet full gjennomgang av prosjektet.
Dette kjem etter at Statens vegvesen i haust avlyste den såkalla Kvitsøy-kontrakten i prosjektet, fordi det låg an til ein kostnadssprekk på éin milliard kroner.
Kvitsøy-kontrakten skal kople øykommunen Kvitsøy til Rogfast, men etter ei anbodsrunde stod berre to tilbydarar igjen. Begge opererte med ein pris langt over Vegvesenet sine utrekningar.
No kan nettopp Kvitsøy-kontrakten bli gjenstand for ny vurdering.
– Det er ein del fordelar med Kvitsøy-armen, men han utgjer òg ein stor kostnad. Vi må finne ut om han i det heile skal vere der, og om han skal vere der i den noverande forma, seier Grendstad.
- LES ÒG:
Frykter prosjektet blir skrinlagt
Men Vegdirektoratet stoppar ikkje ved Kvitsøy-armen. Dei stadfestar at dei har lyst ut anbod på ny vurdering av heile Rogfast-prosjektet.
– I denne runden ser vi på alle store og dyre prosjekt, for å vere sikre på at vi har valt riktig løysing, seier Grendstad.
Den nye vendinga til direktoratet møter motstand blant Rogfast-tilhengarane. Dei fryktar for framtida til heile prosjektet.
– Eg synest dette er ein utidig omkamp. Ein har brukt meir enn 15 år på å planlegge Rogfast, no er det på tide å gå framover, seier næringspolitisk leiar Tormod Andreassen i Næringsforeningen i Stavanger-regionen.
Andreassen understrekar at han ikkje er imot å analysere pris og finansiering av prosjektet, og at ny teknologi kan bidra til å senke den samla prisen.
– Men på eit tidspunkt må ein setje ein strek og seie «vi har faktisk bestemt oss», seier han.
Sjefen føler seg trygg på Rogfast
Rogfast har vorte kritisert for å vere eit altfor dyrt samferdsleprosjekt. Blant kritikarane er Miljøpartiet Dei Grøne, som vil byte ut kostbar vegbygging med satsing på kollektivtilbod og sykkel- og gangvegar.
Leiar for Rogfast i Statens vegvesen, Gunnar Eiterjord, er på si side trygg på at det gigantiske vegprosjektet blir noko av.
Han er i full gong med å kutte kostnader for at prosjektet skal halde seg innanfor budsjettrammene.
– Mykje kan kuttast. Vi kan mellom anna lage litt brattare stigning på armen opp til Kvitsøy, og lage litt smalare tunnelprofil. Det er masse små detaljar som i sum kan utgjere ganske mykje pengar, seier Eiterjord.
Han fredar samtidig Kvitsøy-sambandet.
– Førebels er vurderinga vår at Kvitsøy-armen er bra og fornuftig å behalde.