Hopp til innhold

Kulturhus-kjellar fløymd over av toalettvatn

– Eg har ein mistanke om at det er hærverk, seier dagleg leiar for Sola kulturhus, Eirik Vatne.

Vasslekkasje på Sola kulturhus

Brannvesenet måtte natt til onsdag rykka ut til Sola kulturhus etter melding om vasslekkasje.

Foto: Eirik Vatne

Vatn i kjellar

Rogaland brann og redning brukte sugemaskinar til å få vatnet opp frå golvet natt til i dag.

Foto: Eirik Vatne

Klokka 23.05 rykka brannvesenet i går kveld ut til Kulturhuset i Sola kommune. I kjellaren hadde det flote store mengder vatn ut or ei sprokken toalett-sisterne.

– Eg mistenker at sisterna har sprokke på grunn av hærverk, men det kan eg ikkje vera sikker på, fortel dagleg leiar ved Sola kulturhus, Eirik Vatne.

Brannvesenet jobba utover natta med å suga vatnet opp frå golvet, og då dei reiste frå staden, trudde dei at kulturhuset skulle sleppa frå det utan materielle skadar.

Laster Twitter-innhold

Må bytta fliser

Då Vatne kom på jobb i dag tidleg oppdaga han at det ikkje hadde gått så bra likevel.

– Det som har vore att av vatn har trengt under flisene, så dei må nok bytast, seier han.

Det er Sola kommune som eig kulturhuset, og dette blir truleg ei forsikringssak.

Ødelagt toalett

Det var frå dette toalettet det kom vatn.

Foto: Rebecca Bjerga / NRK
Vannskade på dametoalett

Vasskade på dametoalettet på Sola kulturhus.