Hopp til innhold

Varslar rekemangel i sommar

Rekefiskarar på Vestlandet fortvilar over svært dårleg fiske. – I sommar blir det garantert rekemangel, er meldinga frå fiskarane.

Reker

Eitt kilo ferske reker kostar nå opp mot 180 kroner i Rogaland. Held det dårlege rekefisket fram er det ikkje usannsynleg at prisane bikkar 200 kroner kiloen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Rekefisket er veldig dårleg, og det har det vore heile våren, fortel rekefiskar Kåre Jostein Husebø i Hafrsfjord i Stavanger.

Rekefisket er så elendig at fiskaren nå har parkert båten. I staden for tråling etter reker blir tida brukt til vedlikehald av farkosten.

– Men eg gir ikkje opp. Når du driv butikk må du halda ut, anten det går godt eller dårleg, seier Husebø.

Les også: Gir ikke u-hjelp til rekehungrige vestlendinger

170 kroner kiloen

Rekefiskar Kåre Jostein Husebø

Rekefiskar Kåre Jostein Husebø.

Foto: Øystein Ellingsen

Førre helg sette han opp prisen til 170 kroner kiloen. NRK har også snakka med fiskarar som nå tar 180 kr per kilo reker.

– Det blir garantert rekemangel i sommar. Men eg går ikkje over 170 kroner kiloen. Dei fleste kundane mine er faste og dei vil eg ikkje utnytta, seier rekefiskaren.

Også i fjor var prisane på reker høge. Likevel nådde dei ikkje opp til dei svenske rekeprisane sommaren 2010 – då kosta eitt kilo ferske reker i Strömstad 250 kroner.

Lite småreker

Havforskar Guldborg Søvik ved Havforskingsinstituttet forklarer rekemangelen utanfor Rogaland og Hordaland slik:

– Sidan 2008 har det vore lite småreker, såkalle eittåringar. Når rekene maksimalt lever i tre-fire år, seier det seg sjølv at det då også blir få store reker, seier havforskaren.

– Men kva er då grunnen til at det er så lite småreker?

– Det er eit godt spørsmål. Det har me ikkje undersøkt. Men viss me ser på andre havområde enn Nordsjøen har det noko med dårleg næringstilgang å gjera, seier Søvik.

Trur bestanden tar seg opp att

Ifølgje ho er rekemangelen på Vestlandet udramatisk. Rekebestanden i Nordsjøen har nemleg vore låg tidlegare – før den har tatt seg opp att.

– Det er naturlege svingingar. Ut frå kartleggingane i januar ser det lyst ut, og eg trur bestanden tar seg opp om få år, seier Guldborg Søvik i Havforskingsinstituttet.

Flere nyheter fra Rogaland