Hopp til innhold

Varhaug skal prøva seg for topplaget DAMS

Pål Varhaug er nå eitt steg nærmare målsetjinga si om Formel 1-køyring. Etter prøvekøyringa kan han vera klar for GP2-køyring, noko som er eitt nivå under Formel 1.

Pål Varhaug

Pål Varhaug frå Ålgård i Rogaland er ein av dei raskaste førarane i GP3.

Foto: LAT Photographic

– Nett nå er eg i franske Le Mans kor DAMS held til. Den 24. november er det klart for ein test på Formel 1-banen i Abu Dhabi, fortel Pål Varhaug.

I Le Mans blir eit sete tilpassa kroppen til Varhaug, for i GP2 går det fort. Alle køyrer like bilar med Renault motorar, desse er nesten like raske som dei seinaste Formel 1-bilane.

Viss Varhaug kjem seg greitt gjennom testen, og klarer å finansiera GP2-køyring, vil han vera klar til neste år.

Det beste teamet

DAMS-laget som gjer Pål Varhaug ein sjanse i GP2, reknes for å vera eit av dei beste laga i ligaen.

For nokre år sidan vann dei GP2 Asia med Kamui Kobayashi som førar, han er nå i Formel 1.

Alle samanlagtvinnarane i GP2 har fått sjansen i Formel 1 året etterpå.

Pål Varhaug

Jerome D'Ambrosio i en DAMS GP2-bil, lik den Pål Varhaug håper å køyra neste år.

Foto: Drew Gibson / GP2 Media Service

Treng 15 millionar

Sjølv om Varhaug er god nok er det førarane sjølv som må ordna pengane til å køyra i GP2. Ein full sesong vil kosta omlag 15 millionar kroner.

– Me jobbar hardt med å skaffa pengane me treng, me har allereie fått litt hjelp av DAMS seier far og manager Jardar Varhaug.

– Eg ønskjer å køyra GP2 neste år sidan målet er Formel 1, men om det ikkje blir vil eg køyra ein sesong til i GP3 seier den unge resarsjåføren.