Hopp til innhold

Køyrde ut av banen, bilen knuste

Siste dag i Barcelona enda med knust bil for Norges Formel 1-håp, Pål Varhaug, frå Rogaland.

Pål Varhaug

- Veldig surt i dag, men ei heilt sjukt bra helg, seier Pål Varhaug tiol NRK søndag.

Foto: LAT Photographic

Pål Varhaug, frå Ålgård, vart i dag pressa ut av banen og måtte bryte GP3-løpet.

– Eg vart pressa inn i veggen. Det går bra med meg, men bilen er knust, seier ein litt skuffa Varhaug.

Vann i går

GP3 ligaen er ny, og berre to hakk under Formel 1. I går vann Pål Varhaug ein historisk siger i ligaens første løp, derfor er han samla sett nøgd med helga:

– Det har vore ei sinnsjukt bra helg, spesielt på grunn av sigeren i går, men også på grunn av det høge nivået på sjåførane og den gode konkurransen.

Han seier at helga samla sett er eit svært skritt mot Formel 1-draumen.

Klar for Istanbul

I slutten av mai har teamet fiksa opp bilen, og Varhaug går for å vinna i Tyrkia.

– Eg har ikkje køyrd i Istanbul før, så det blir spanandes, og eg går sjølvsagt for å vinna, seier det unge resartalentet.