Hopp til innhold

Væpna politiaksjon i Stavanger sentrum

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politiet i Stavanger har avslutta den væpna aksjonen mot en mann som fredag kveld blei observert med en pistol ved jernbanestasjonen i byen.

Det var like før klokka 19 fredag kveld politiet fekk melding om at vitne hadde observert ein mann med pistol ved Jernbanelokket i Stavanger sentrum.

Mannen skal ha tatt ein pistol frå ein bag og gøymd den inn under jakka si.

Då politiet kom til jernbanestasjonen var mannen borte.

– Me har sett inn fleire væpna politipatruljar i jakta på mannen, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Victor Jensen.

Klokka 20.30 fredag kveld trappa politiet ned den væpna aksjonen etter å ha fått kontakt med vedkommande over telefon.

Politiet har likevel ennå ikkje fått tak i mannen som skal ha vore utstyrt med eit luftvåpen.