Hopp til innhold

Væpna aksjon på Hundvåg

Mann i 40-åra truga med å skada seg sjølv.

POLITI
Foto: KYRRE LIEN / SCANPIX

– Det var absolutt fare for liv og helse, seier operasjonsleiar Kjetil Føyen etter den væpna aksjonen på Hundvåg laurdag ettermiddag, då ein mann i 40-åra truga med å skada seg sjølv med våpen.

– Dette dreier seg om psykiatri, dette var ein sjuk mann, seier operasjonsleiar.

– Me fekk først melding om at det dreidde seg om ein kniv, men det fekk seinare beskjed om at det var eit skytevåpen. Grunnen til at me la dette ut på Twitter var at det var mykje oppstyr med fleire politibilar og ambulanse, så det kan ha sett dramatisk ut - noko det også var, seier han og understrekar at god handsaming av saka gjorde at ingen kom til skade.

Mannen er teken hand om av helsepersonale.