Hopp til innhold

Kristoff ser fram til Tour de France utan store folkemengder

STAVANGER (NRK): Alexander Kristoff står føre ein uvanleg travel haust. Eit av høgdepunkta er eit annleis Tour de France.

Alexander Kristoff

Det er ofte folksamt i startområda på dei ulike etappane av Tour de France. Her er Alexander Kristoff på veg til start før fjerde etappe i 2018.

Foto: Heiko Junge

– Det kan bli det mest behagelege Tour de France eg har køyrt nokon gong. Eg liker ikkje å måtte ta 100 selfies og skrive autografar i ein time før start, seier Alexander Kristoff.

Proffsyklisten har ei veke igjen før sesongstart. Han er heime i Stavanger og ladar opp til det som blir ein spesiell sykkelsesong.

Alexander Kristoff

Alexander Kristoff i hagen heime i Stavanger.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

– Det blir ein komprimert og travel sesong, og kjem til å gå i eitt fram til november.

Til vanleg er sommarmånadane høgsesong for sykkelsporten, men ikkje i 2020. Ritt som var planlagt til vår og sommar, er no utsett til hausten.

Ei rokering som eigentleg passa fint med Kristoff sitt nye familieliv.

Vart firebarnspappa i mai

I mai vart han og kona Maren Kristoff foreldre til tvillingar. Terminen var eigentleg i sommar, men tvillinggutane kom nokre veker før tida. Frå før har ekteparet to søner.

– Det har eigentleg vore greitt med lockdown og stopp i løp. Eg har fått god tid heime med familien, sjølv om det har vore rimeleg travelt òg, seier han.

I tillegg til omstillinga til livet som firebarnspappa, har dei siste vekene vore prega av oppkøyring. Normalt er det høgsesong med harde ritt om sommaren. I år er dette erstatta med treningsøkter i heimbyen Stavanger.

Oppstart på sykkelsesongen er ei veke unna. Deretter kjem ritta som perler på ei snor. På litt over tre månader skal det vere over 20 ritt med verdstour-status for proffsyklistane.

– Eg får suge til meg det eg kan av tid heime. Mellom dei løpa det lèt seg gjere, kjem eg til å reise heimom, seier Kristoff.

Drøymer om etappesiger

For Kristoff sin del startar sesongen med Vuelta a Burgos i Spania 28. juli til 1. august. Deretter ventar ritt i San Remo. Kort tid etterpå får han ein tur heim til Noreg og noregsmeisterskap på Austlandet. Etter dette er det klart for harde tråkk i Frankrike.

Tour de France publikum

Slik pleier det å sjå ut på sidelinja i Tour de France. I år blir det truleg annleis på grunn av korona. – Meir behageleg, meiner Kristoff.

Foto: Heiko Junge

Det som for mange er det store høgdepunktet, Tour de France, skal etter planen arrangerast frå 29. august til 20. september. Eit arrangement som blir annleis enn tidlegare på grunn av koronarestriksjonar. Men like fullt gjævt å prestere bra, meiner Kristoff.

– Eg håpar jo å kunne bite frå meg. Det hadde vore optimalt å få ein etappesiger igjen. Det er to år sidan eg vann på Champs-Élysées. Eg drøymer om det igjen.

Etter fleire franske døgn blir sesongen avslutta med dei klassiske ritta i Belgia og prestisjefylte Paris-Roubaix.

– Tour de France er viktig, men det er ei oppkøyring til klassikarane i oktober. Flandern Rundt og Paris-Roubaix er det viktigaste for meg i år, seier Kristoff.