Hopp til innhold

Utdrikkingslag skapte massefrykt i Stavanger: – Totalt tankelaust, seier politiet

Ein mann i finlandshette kasta frå seg ein sekk på ein utestad, ropte noko og sprang derifrå. Det utløyste væpna politiaksjon og massefrykt. Fleire augevitne sa dei var redde for å døy.

Politi ved Olivia i Stavanger sentrum.

Politiet var framleis på staden etter ting hadde roa seg like utanfor uterestauranten. Dei sende det dei hadde av ressursar til staden då meldinga kom.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog

– Det er tankelaust. Det er totalt tankelaust. Og med konsekvensar for so mange. Eg kunne brukt mange sterke ord om det her, men no får vi sjå kva vi gjer med det utdrikkingslaget, seier operasjonsleiar hjå politiet, Jøran Solheim.

Klokka 16:28 fekk politiet melding om ei hending på uterestauranten Olivia i Stavanger sentrum.

Ein mann i finlandshette kasta frå seg ein sekk, ropte noko på eit ukjend språk og sprang frå staden.

Fleire augevitne NRK har prata med fortel at sekken tikka eller peip og lagde lyd.

Gjestar og andre i nærleiken sprang frå alt dei hadde idet politiet kjem til staden.

– Vi får ganske raskt opplysningar om at det er kaos og panikk, både hjå tilsette på uteserveringa og andre som er i byen, seier Solheim.

Det er 20 grader, sol og to cruiseskip ligg til kai, og der er mykje folk i Stavanger sentrum då hendinga skjer.

Politiet evakuerer folk frå området, og får etter elleve minutt kontroll på personen som skal ha gjort dette ved konserthuset litt utanfor sentrum, om lag 6–700 meter frå hendinga.

Politiet får då vit på at det heile skal ha vore ein del av eit utdrikkingslag. Hendinga vart filma og sekken var ufarleg.

Var redd for å døy

Amalie Solli sat inne på restauranten med to vener då hendinga skjedde.

Plutseleg byrjar folk å dukke under borda, og venene får vit på at nokon har kasta ein sekk med ein tikkelyd inni.

– Det var jo skremmande, vi var jo redde for at det var noko alvorleg, at vi kom til å døy, seier Solli.

– Det verka som alle andre inne der også tenkte det. Dei dukka og ringde dei dei var glade i.

Ho seier ho er glad det heile berre var ein spøk frå eit utdrikkingslag.

– Og so er eg sjølvsagt sint fordi dei skremde mange som trudde dei skulle døy, seier Solli.

Frykta fleire angrep

Miguel Ángel Pérez Elena sat ved sidan av der mannen kasta frå seg sekken idet han sprang.

– Eg såg han sprang. To sekund etter byrja sekken han kasta frå seg å lage lyd, pip pip pip. Eg sprang med det same. Eg var veldig, veldig redd.

Dei trudde mannen som kasta sekken ville utføre ei ekte terrorhandling.

– Eg var veldig, veldig redd. Eg tenkte: skjer dette verkeleg? seier Elena.

Inne på restauranten var venen Amel de Kok. Han vart hindra frå å gå ut då panikken braut ut.

– Det var uverkeleg. Folk stoppa meg og sa «ikkje gå ut, det er eit terroristangrep», seier de Kok.

Venane greidde til slutt å springe frå staden, hoppa på nokre syklar og kom seg so langt ut av sentrum som mogleg, vekk frå folk. Dei frykta at dette var eit ekte terrorangrep, og at det ville skje eitt til snart.

Folk fekk panikk

– Det er fleire som har ringt til oss, både barn, foreldre og andre som er uroa. Fleire har vore redde for å døy, og det er også barn som har fortalt det, seier Solheim.

Politiet seier dei ikkje har høve til å ta unna alle som ringjer dei om hendinga, men at dei prøvar å få sett opp ein telefon som pårørte kan ringje.

– Vi prøvar å hjelpe dei, seier operasjonsleiaren.

– Der ligg gjenstandar som folk har sprunge frå, både på restauranten og i gatene, som politiet tek vare på, seier Solheim.

Var væpna

I og med at Politiets tryggleiksteneste reknar terrortrugselen i Noreg som høg, er politiet for tida mellombels væpna.

Dei første som kom til staden i Stavanger og handterte utdrikkingslaget var dimed også væpna.

– Eg vil ikkje tenkje på konsekvensane eigentleg, seier Solheim.

Oppretta straffesak

Alle dei åtte personane som var del av utdrikkingslaget vart tekne til politistasjonen. Telefonane deira vart beslaglagt og politiet har sikra video av hendinga frå desse.

Politiet oppretta straffesak for grove trugslar. Alle deltakarane i utdrikkingslaget vart meldt.