Hopp til innhold

Twitter-melding gav uttelling

Politiet takkar publikum etter to biltjuvar blei tekne på Karmøy i dag.

Tekne for biltjuveri

Her blir dei to kjenningane av politiet tekne med til arresten i Haugesund.

Foto: Kjell Bua

Tidleg i dag la politiet ut melding på Twitter om at dei jakta ein stolen BMW på Karmøy. Åtte timar seinare tikka tipset inn.

– Det var ein vaken publikumar som hadde observert ein bil av same type på Kopervik. Kjenneteiknet var likevel annleis, men det viste seg at dei hadde sett på falske skilt på bilen, seier operasjonaleiar i Hagaland og Sunnhordland politidistrikt, Håkon Tornes.

Kjenningar av politiet

Politiet rykka ut, og tok to menn i 30-åra. Pågripinga skal ha skjedd utan dramatikk.

– Dei er begge kjenningar av politiet. Me mistenker at dei har vore rusa på meir enn berre alkohol, og ber derfor om utvida prøve, seier Tornes.

Dei skal i avhøyr i morgon.

Laster Twitter-innhold