Hopp til innhold

Turgåarar skremde etter overfall

– Eg trudde dette var ein trygg plass, seier Wenche Sandvik Johansen, om Store Stokkavatn i Stavanger. Ho og andre turgåarar er sjokka over overfallet som skjedde her fredag kveld.

Politiet veit framleis ikkje kven som står bak det brutale ranet ved Stokkavatnet i Stavanger fredag kveld. Ein 24 år gamal mann på joggetur blei utan forsvarsel stukken med ein skarp gjenstand tre ganger.

SJÅ VIDEO: Store Stokkavatn er eit populært turområde i Stavanger. Fredag kveld blei ein 24 år gamal mann overfallen, rana og stukken tre gonger med ein skarp gjenstand på stien rundt vatnet.

– Dette er ein familieplass der me går med barnevogn og tenker at det er trygt både dag og kveld, seier Wenche Sandvik Johansen.

Ho og veninna er ofte ute og går tur rundt Store Stokkavatn, eit fredfullt og populært turområde i Stavanger. Derfor blei dei også sjokka når dei høyrde om overfallet som skjedde her fredag kveld.

– Det er forferdeleg skremmande, eg trudde jo dette var ein trygg plass, seier Sandvik Johansen.

Overfallen utan forvarsel

Det var fredag kveld ein 24 år gamal mann skulle ut på ein sein joggetur rundt vatnet, ein joggeturen som fekk ein brutal stopp.

Plutseleg, og utan forvarsel, blei mosjonisten overfallen, rana og stukken tre gonger med noko som kan ha vore ein kniv.

Til alt hell kom mannen frå det med lettare skader, men politiet har ikkje tatt gjerningspersonen etter overfallet som står fram som lite forståeleg for politiet.

– Overfallet står fram som litt utilrekneleg for oss, seier Kari Kjelstad, som er etterforskingsleiar på Stavanger politistasjon.

Politiet er svært interesserte i tips frå publikum som kan sitja på informasjon om overfallet.

– Me er interesserte i å koma i kontakt med alle som har vore i området mellom ti og elleve fredagskveld, seier Kjelstad.

Spesielt er dei interesserte i å koma i kontakt med ei kvinne, som 24-åringen skal ha forklart at han jogga forbi før overfallet.

– Vil ikkje gå her etter mørkets frambrot

Medan politiet etterforskar saka vidare, tar turgåarane ekstra forholdsreglar.

– Eg blir jo skremd etter denne episoden og vil helst ikkje gå her aleine. Eg vil heller ikkje gå her etter mørkets frambrot, seier Sandvik Johansen.

Ho er ikkje den einaste som reagerer på det som har skjedd.

– Eg går tur her kvar dag. Vanlegvis på dagtid men av og til på ettermiddag og kveldstid. Eg blir skremd av det som nå har skjedd, seier Odd-Arne Walvik.