NRK Meny

Trur Finnøy vil gå for Stavanger

Etter at det blei kjent at folket på Rennesøy ønsker å slå seg saman med Stavanger, trur ordføraren i Finnøy, Henrik Halleland, at det nå er 70 prosent sjanse for at Finnøy-folket også vil gå for Stavanger. Folkerøystinga på Finnøy skal skje neste veke.

Ordførar på Finnøy, Henrik Halleland, blei overraska over resultata i Rennesøy. Han trur at det aukar sjansen for at også Finnøy seier ja.