Hopp til innhold

Travle tider på hundehotellet

Ved Baroniet hundepensjonat i Sandnes er det smekkfullt i sommar.

Hundekennel

Terje Lie Bjelland ved Baroniet hundepensjonat i Sandnes har for lengst fullbooka pensjonatet sitt for sommaren.

Foto: Ine Eftestøl

– Folk bestiller plass tidleg fordi dei veit det blir fullt om sommaren. Veldig mange har brent seg på at dei har vore seine før, fortel Terje Lie Bjelland ved Baroniet hundepensjonat i Sandnes.

Han fullbooka hundepensjonatet sitt for sommaren alt i overgangen mellom mars og april.

Over heile landet er pågangen etter hundekennel stor om sommaren, og mange var i år tidleg fullbooka.

– Sommaren er ei travel tid i denne bransjen, seier Bjelland, som har plass til 50 hundar.

Drift heile året

Hundar på Kennel

Hundar på Baroniet hundepensjonat i Sandnes.

Foto: Ine Eftestøl

Men det er ikkje berre om sommaren folk har behov for hundehotell. På årsbasis har Bjelland eit belegg på om lag 70 prosent.

– Det finst ulike behov og folk ferierer heile året i våre dagar, så det gjer at me kan driva heile året.

– Kva skal til for å halda hundane glade i ferien?

Hundar på Kennel

Ved Baroniet hundepensjonat i Sandnes er det rutinar for lufting og fôring.

Foto: Ine Eftestøl

– Hundar må få mykje merksemd og kos i ferien. Og så må dei bli leika og kneka med til den store gullmedaljen, seier hundepassaren i Sandnes.

Får ikkje heimlengsel

Får dei det, får ikkje dei ferierande hundane heimlengsel, ifølge Bjelland.

– Her får ikkje hundane heimlengsel. Her treff dei likesinna, dei bur saman med andre hundar og dei leikar og har det kjekt. Hundane er på ferie dei òg.

– Hundekennel har hatt eit litt frynsete rykte, blant anna med traumatiserte dyr. Kjenner du til det?

– Eg kjenner godt til det. Men det er nok blitt betre nå enn før. Det er nok betre kontrollar frå Mattilsynet og folk krev betre standard nå enn tidlegare. Ein hund i dag er som eit familiemedlem.