Hopp til innhold

Travel natt for politiet i Rogaland

Slagsmål, fyll og ein naken mann midt i vegen – natt til sundag vart travel for politiet i Rogaland.

Politiet hadde hendingar over heile fylket natt til sundag.

– Der har generelt vore mykje rus og mykje slåsting. Folk har urinert og kasta opp i politibilar og taxiar, seier Brit Randulf, operasjonsleiar hjå Politiet Sør-Vest.

22:42 i Stavanger vart ei vakt på ein utestad i Stavanger slått i magen. Den mistenkte, ein mann i byrjinga av 20-åra, vart meld til politiet.

Halv tolv kjem politiet til ei adresse i Kopervik på Karmøy. Det er meld om krangling eller slagsmål mellom to vaksne. Den eine personen var full og vart køyrd i arresten for avrusing.

I Hå vart det meld om eit slagsmål på Sirevåg litt over midnatt. Ein person skal vere skadd som følgje av det. Ambulansepersonell såg til personen på staden, men hen ynskja ikkje å melde hendinga.

Den skadde personen antok at han sjølv hadde vore «like god», skriv politiet på Twitter.

Litt før halv eitt vart det meld om eit trafikkuhell i Sokndal. Tre personar vart tekne til sjukehuset i Stavanger, men såg ut til å vere oppegåande. Førar av bilen sa at bilen hadde fått vassplaning før uhellet skjedde.

Fem over halv eitt vart det meldt om ein mann i Hå som gjekk og sparka i bilar på Nærbø. Mannen i 30-åra vart teken til arresten for avrusing av politiet.

00:41 køyrde ein bil seg fast i eit kryss på Randaberg. Politiet kom til staden og fekk kontakt med føraren, ein mann i byrjinga av 30-åra. Mannen såg ut til å vere rusa, og vart teken til legevakta for å ta blodprøve.

00:43 melder politiet at ei dørvakt på ein utestad i Stavanger hadde «mista sans og samling» og utøvd vald mot to gjestar. Politiet har oppretta sak etter hendinga.

Litt før eitt vart det meld om eit slagsmål ved ein utestad i Sandnes sentrum. Ingen personar vart skadd, men båe partar vart meldte og synt vekk frå sentrum.

Kvart på to var det nok eit slagsmål på ein utestad i Stavanger sentrum. Ein person skal ha mista medvitet. Det skal ha vore amper stemning også etter politiet kom til staden.

Den eine personen vart teken med i ambulansen med hevelsar i andletet. Båe partar vart meld og sak vart oppretta.

Ein 18-årig mann vart plukka opp av ein patrulje i Haugesund då han låg og kava på bakken. Mannen skal ha vore ute av stand til å ta vare på seg sjølv, og vart teken med til arresten for avrusing.

I Sauda kvart over to meldte politiet om ein naken mann som sprang rundt i vegbana ved Trædavika.

Mannen, i byrjinga av 20-åra, var rusa og vart teken med til arresten. Politiet informerer om at dei ikkje veit kvifor mannen var naken.

Halv tre vart det igjen slagsmål, denne gong i Haugesund utanfor ein utestad på Indre kai. To menn i byrjinga av 20-åra vart meld til politiet. Båe to skal ha blitt skadd, men hadde ikkje behov for helsehjelp.

03:20 vart fleire personar slegne ned utanfor ein utestad i Kopervik på Karmøy. Ein av dei, ein ung gut i slutten av tenåra, skal ha mista medvitet og vart sett til av ambulanse på staden. Han vart seinare lagt inn på sjukehus.

Politiet har enno ikkje full oversikt over hendinga i Kopervik.

I tillegg til alt dette har politiet hatt «ein god del» hendingar med uro, stort sett i Stavanger. Nokre fleire har blitt sett i arresten for avrusing, og stort sett alle hendingane var alkoholrelaterte.