Traktor kolliderte med personbil – to barn alvorleg skadde

Alvorleg trafikkulukke i Kopervik i Karmøy.

Trafikkulukke Kopervik

To barn er frakta til sjukehus etter ei trafikkulukke i Kopervik.

Foto: Kjell Bua

Ein traktor og ein personbil var involvert i ulukka politiet fekk melding om i 17-tida. Ulukka skjedde på fylkesveg 511, ved Mega i Kopervik.

– Det er ei alvorleg ulukke. To barn er frakta til sjukehus. Det eine til Haugesund sjukehus med ambulanse, det andre med luftambulanse, truleg til Stavanger universitetssjukehus, opplyser operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt i Haugesund, Rune Plassen, til NRK.

Han kan foreløpig ikkje seia noko om alderen til dei to barna, men opplyser til NTB at begge er alvorleg skadde.

I bilen var også foreldra. Dei slapp frå ulukka utan fysiske skader. Det gjorde også føraren av traktoren.

– Opplysningane våre tilseier at traktoren har køyrd inn i personbilen bakfrå, opplyser operasjonsleiaren i politiet.

Politiet arbeider med avhøyr på staden. Ulukkesgruppa til Statens vegvesen er også på ulukkesstaden.

Politiet ønsker kontakt med vitne til ulukka. Dei blir bedne om å ringa 02800.

Flere nyheter fra Rogaland