Kø på E39
Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Trafikk: Rogaland

Oppsummert

Hold deg oppdatert på de siste meldingene om trafikksituasjonen i Rogaland. Tips oss gjerne med bilder og informasjon på rogaland@nrk.no.

  • E39 open i Rennfast

    Tunnellane i Rennfast er opna igjen. Dei var stengde i ein lengre periode etter at ein bil køyrde på stein som fall frå tunnellen og ein annan bil blei skadd av delar frå den første bilen. Men no er det rydda og trafikken er i gang.

  • Framleis stengt på E39

    Mastrafjord- og Byfjordtunnelen er framleis stengd. Bilen som kolliderte er fjerna og det er metallgjenstandane og. Tunnelen var open i rundt 5 min, men så punkterte ein ny bil. Den er no og fjerna. Politiet og entrepenøren skal gå over tunnelen for å få fjerna små metallbitar, slik at ingen punkterer på ny, fortel Statens vegvesen. Forhåpentligvis opnar tunnelen snart.

  • E39 stengd i Rennfast

    Både Byfjordtunnellen og Mastrafjordtunnellen på E39 i Rennfast er stengde. Årsaka er at to bilar må bergast. Begge har treft steinar eller bildelar i Mastrafjordtunnellen. Det er mykje kø i området.

    Skade på bil på grunn av steinar i vegbanen
    Foto: NRK-tipsar
  • Steinar fall ned frå tunnelltak

    Steinar som fall ned i vegbanen var årsaka til at Mastrafjordtunnellen på E39 vart stengd. Ein bil fekk skader i møtet med steinane og tunnellen er stengd medan ein ventar på bilberging. Tunnellen er no åpna, men med redusert fartsgrense.

  • Mastrafjordtunnellen på E39 stengd

    På E39 nord for Stavanger er Mastrafjordtunnelen stengd. Årsaka er bilberging. Det ligg også metalldelar i vegbanen som må fjernast, melder Statens vegvesen.

Mye vann i Svandalsfossen i dag