Hopp til innhold

Tormod tar selfie med heile verda – i Sandnes

137 av verdas nasjonalitetar bur i Sandnes. Tormod Rossavik vil fjerne fordommar ved å ta bilete med éin frå kvart land.

Tormod Rossavik og Luis

SELFIE NUMMER 24: Tormod og Luis frå Den dominikanske republikk. Luis er ein av dei åtte frå dette landet som bur i Sandnes.

Foto: Erik Waage / NRK

I Noregs åttande største by bur det folk frå nesten heile verda. I haust har Tormod Rossavik tatt selfie med 45 ulike nasjonalitetar.

Nærmast kvar dag deler han eit nytt bilete på Facebook og Instagram, kor han fortel historia til personen han møter.

Målet er 137 sjølvportrett – eitt for kvart land i byen.

Tormod Rossavik og Tanzil

Selfie nummer 28: Tanzil frå Pakistan.

Foto: Privat

Vil fjerne fordommar

Det ambisiøse prosjektet starta i ein samtale mellom Rossavik og ein kompis som ikkje kom frå Noreg. Kameraten hadde budd sju år i Sandnes utan å ha blitt invitert inn i ein norsk heim.

– Det er jo ganske trist å vere fastbuande på ein plass, men ikkje ha nokon sosial omgang, seier Rossavik.

Sandnesgauken henta òg inspirasjon frå London. Rossavik høyrde om ein mann der som hadde helsa på alle nasjonalitetane i storbyen.

I september sette han i gong sjølv.

Tormod Rossavik sine selfies

Det digitale galleriet til Tormod Rossavik byrjar å fylle seg opp.

Foto: Privat

– Dette handlar mykje om å fjerne fordommar – både mine eigne og andre sine. Derfor er det viktig å treffe absolutt alle, seier Rossavik.

27 prosent av befolkninga meiner innvandrarar er ei kjelde til utryggleik i samfunnet, syner tal frå SSB. Rossavik håpar kunne nyansere litt.

– Viss eg kan bidra til å vise at folk er folk, og at me bur her i saman, så vil eg gjerne det, seier han.

Tormod Rossavik og Stephen

Stephen frå Australia er eitt av dei 137 møta Tormod Rossavik håpar å få oppleve.

Foto: Erik Waage / NRK

Det vesle møtet

Sjølv om ikkje Rossavik har tru på å fjerne all framandfrykt med dette selfieprosjektet, håpar han likevel å kunne senke terskelen for å møte nye folk.

– Du treng ikkje invitere alle på ein stor middag eller fest. Det held med ein kopp kaffi eller ein prat, seier han.

– Og du kjem langt med å berre nikke og helse òg.

Tormod Rossavik og Corina

Selfie nummer 23: Corina frå Venezuela.

Foto: Privat

Rossavik trur ikkje Sandnes blir ein umiddelbart betre by av 137 sjølvportrett, men ønskjer i det minste å vise fram fleire sider av kommunen han bur i.

– Eg har ei litt naiv tru på at alle møter leder til noko godt, seier Rossavik.

Digital dugnad

Det er ikkje berre-berre å finne fram til kvar minste nasjonalitet. Rossavik, som til vanleg er lærar på vidaregåande, får derfor tips via Facebook og vener.

Folk oppsøkjer han også sjølv, og ber om å bli tatt bilete med.

– Kanskje dei synest eg er ein skrulling – og det er eg jo kanskje og. Men folk stiller opp og synest det er gøy, fortel Rossavik.

– Folk er jo stolte av staden dei kjem frå, legger han til.

Tormod Rossavik og Thelma

Selfie nummer 40: Thelma frå Mexico.

Foto: Privat
Hvor mye vet du egentlig om dem som kommer fra en helt annen bakgrunn av deg selv? I Sandnes bor det folk fra nesten hele verden. Tormod Rossabø ville utfordre seg selv med å treffe én fra hvert land.

SJÅ VIDEO: Innslaget frå Norge Rundt 2. november.