Hopp til innhold

Slik skal dei unngå ein oljekatastrofe på norsk sokkel

Ved Frigg-feltet i Nordsjøen tømde dei ut fleire titals kubikkmeter med olje i sjøen i dag. Målet var å teste ny teknologi som skal hindre skadar frå oljesøl.

Testa ut nytt oljevernutstyr

Nytt oljevernutstyr blei testa ut ved Frigg-feltet i Nordsjøen i dag. 65 kubikkmeter olje blei sleppt ut i havet. 180 personar, ni fartøy, i tillegg til fem fly frå fleire nasjonar var involvert under testinga.

Øvinga blir overvaka og styrt frå Norsk Oljevernforeining for Operatørselskap sitt kontrollrom på Forus. Med varmesøkjande kamera følgjer dei olja som blir tømt ut på sjøen, for så å bli fanga opp av nyvinningar innan oljevernteknologi.

Her er dei alltid i beredskap for at miljøskadane skal bli minst mogleg om me skulle oppleve ei katastrofe på norsk sokkel, som til dømes Deep Water Horizon i Mexico-gulfen i 2010.

Må vera førebudde på katastrofe

Tor Eivind Moss

Operasjonsleiar Tor Eivind Moss seiar dei alltid må vera førebudde.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Me veit jo det at når du opererer i Nordsjøen så er det ein fare for at det kan skje, og då skal me vera førebudd. Difor brukar me forskings- og utviklingsmidlar på øvingar som dette, slik at me kan utvikle oss og bli betre og betre, seier operasjonsleiar, Tor Eivind Moss.

Øvinga i dag vart også overvaka frå lufta. Informasjonen frå lufta blir sendt ned til båtane som vidare kan bruke lenseutstyret til å fjerne olja.

Samarbeidet mellom luftfartøy, båtar og senteret på land er avgjerande når ulukka er ute. Difor vil dei halde fram med øvinga i to dagar til med oljeutslepp og opptak både på dagtid og om natta.

– Me skal testa lenseutstyr, opptaksutstyr, og overvakingsutstyr. Og me kjem til å bruka desse tre dagane effektivt og øva effektivt på dette her, seier Moss.

Oljevernøving

Båtar med lenseutstyr hentar opp olja.

Foto: Mathias Oppedal / NRK