Hopp til innhold

Denne bagen skal hindre oljekatastrofe

Kystverket har innvilga nytt utstyr for å styrke forureiningsberedskapen. I dag fekk ekspertane teste utstyret.

Frykten for eit alvorleg oljeutslepp frå skipstrafikken gjer at beredskapen på kysten no blir skjerpa. Nytt utstyret frå Kystverket skal sørge for raskare utrykking ved omfattande oljesøl....

NYTT UTSTYR: Det Interkommunale Utvalet for Akutt forureining (IUA) på Sunnmøre har fått innvilga nytt oljevernutstyr frå Kystverket. I dag fekk dei testa det nye utstyret. Sjå øvinga med "Boombagen" her.

– No lærer vi korleis vi skal klargjere og pakke saman utstyret. Deretter skal vi simulere eit utslepp i Vika for å sjå korleis utstyret fungerer i praksis.

Kystverket

NYTT UTSTYR: Blant det nye utstyret var ein 'Boombag'. Den skal bidra til å avgrense spreiinga av utsleppet.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

På kaia i Nørvevika peikar Ole Jonny Flydal, leiar for miljøberedskap i Ålesund kommune, det nye utstyret.

Ein oransje «Boombag» lyser opp kaiområdet. Den er ein del av utstyret som skal styrke forureiningsberedskapen på Sunnmøre.

Styrka beredskap

I regnvêret fekk personell frå det Interkommunale Utvalet mot Akutt forureining (IUA) i dag ein grundig gjennomgang av utstyret, både i teori og praksis.

– «Boombagen» kan brukast på sjøen til å omringe olje, og dermed hindre at oljen når land. Den vil vere ein viktig del av hurtigresponsen knytt til oljesøl, seier Flydal.

Som eitt av kystens 29 beredskapskontor har Sunnmøre IUA no fått nytt utstyr. Tiltaket er eit resultat av Kystverket si beredskapsanalyse frå 2011, og skal bidra til å styrke grunnberedskapen langs heile kysten.

Kystverket

RASKARE: Merete Nykrem i Kystverket trur utstyret vil styrke beredskapen.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Raskare utrykking

Merete Nykrem i Kystverket peikar på tid som ein viktig faktor.

– I ein akutt fase er det viktig å avgrense sølet mest mogleg. Då er det viktig å få kontroll før det når land.

Med det ekstra utstyret håper dei no å kunne redusere utrykkingstida endå meir.

– For å få hurtig respons må utstyret ligge klart. I tillegg må ein få god nok opplæring slik at ein kan reagere fort, held ho fram.

Flydal er samd.

– På den måten kan ein spare seg dei problema, kostnadane og etterarbeidet som oppstår når forureininga når land, seier Flydal.

Utfordrande logistikk

Flydal peikar på krevjande logistikk på Vestlandet som ein av utfordringane knytt til responstid.

Ole Jonny Flydal

NØGD: Ole Jonny Flydal trur det nye utstyret vil kome godt med.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Vi har ofte store avstandar å ta omsyn til, men no får vi utstyret ut til kommunane. Det vil redusere transporttida på utstyret, og vi kan rykke ut raskare.

Spesielt vil det hjelpe å møte dei krava som er knytt til utrykkingstid.

– Samfunnet i dag stiller stadig større krav til å rykke ut så fort som mogleg. Då er det viktig å ha rett utstyr på rett plass, seier Flydal.

– Det er ikkje alltid like lett å vite kva som er rett plass, difor må vi ha nok utstyr fleire plassar. Det nye tilskotet bidreg til det, held han fram.

Flydal trur det nye utstyret vil kome godt med i beredskapen. Spesielt i forhold til dei ulike verneområda rundt om kring i fylket.

– Runde, Godøya, Vigra og ikkje minst verdsarvområdet i Geiranger er blant dei plassane i fylket der det er vanskeleg tilkomst. Det nye utstyret kan også fraktast ved sjøvegen, noko som gjer transporten mykje lettare.

– No er vi endå betre rusta enn vi var, seier ein blid Flydal.

Sjå biletegalleri frå øvinga her:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL