Sykkelulukke i Gjesdal

Ein 58 år gamal mann er frakta til Stavanger universitetssjukehus med luftambulanse, etter ei sykkelulukke på Ålgård. Mannen skal ha ramla av sykkelen. Det er ikkje kjent kor alvorlege skadene er, men han var vaken då han blei frakta til sjukehuset.