Google tar deg med til Preikestolen

Nå kan folk «gå» Norges mest populære fjelltur med Google Street view. Turistforeininga håper at dette vil lokka fleire folk ut i naturen.

Google på Preikestolen

Preikestolen viste seg frå si beste side då Google var på besøk sommaren 2014.

Foto: Google street view

Med eit 360° kamera i ein 20 kilo tung ryggsekk reiste Google sin utsende på fjelltur til Preikestolen i sommar, og resultatet har i dag blitt lagt ut på kartsidene til søkjemotorgiganten. Steg for steg kan ein nå «gå» den populære turistruta, og på toppen kan du nyta utsikta frå steinblokka, som ifølgje Lonely Planet er verdas beste utkikkspunkt.

– Det er første gong me gjennomfører eit så omfattande prosjekt med denne teknologien i Norge. Valet falt på Preikestolen på grunn av den spektakulære naturen, og sidan det er ein stad som folk utanfor Norge også har stor interesse av å oppleva, seier Harald Jacob B. Skaarn, som er produktansvarleg hos Google.

Dei har tidlegare brukt teknologien i skiløyper og -anlegg.

– Kan få fleire ut i naturen

Turistforeininga er strålande nøgde med at Preikestolen nå hamnar i street view, og trur at dette vil lokka fleire folk ut i naturen.

– Det er supert at dei har løfta blikket frå gatene til flott og vakker natur. Me vil jo at flest mogleg skal ut og få moder jord under føtene og luft i håret, seier Line Noer Borrevik, som er kommunikasjonssjef i Stavanger turistforeining.

Preikestolen er flaggskipet deira, og ho trur dette vil føra til meir blest rundt det allereie svært populære turistmålet. Det er kanskje ikkje like positivt for alle.

– Det største problemet er vel at folk synest at det byrjar å bli vel folksamt, men då trur eg berre dei finn andre stader å gå. Det trur eg regulerer seg sjølv, seier Noer Borrevik, som først og fremst meiner det er viktig å få folk ut i naturen.

I tillegg til Preikestol-turen har Google også lansert innandørsbilete frå Skimuseet på Holmenkollen i Oslo.

Preikestol-ruta

Turen til Preikestolen byrjar frå Preikestolen fjellstue i Forsand kommune i Rogaland.

Foto: Google maps