Hopp til innhold

Den japanske ambassaden kom til Nedstrand for å gje namn til kalvar

Det er dei første Wagyu-kalvane som er fødde i Norge som i dag fekk namn. Rasen stammar frå Japan og kjøtet kostar meir enn 1000 kroner per kilo.

Video Japansk storfe i Nedstrand

VIDEO: Wagyu-kjøttet er noko av det mest eksklusive storfekjøttet i verda. I Nedstrand i Rogaland blei slike japanske kalvar døypt i dag.

Kanskje var det eit nytt kapittel innan norsk kjøtproduksjon som blei feira fredag.

Det eksklusive kjøtet frå Wagyu-oksen som stammar frå Japan er kjend over heile verda, og nå er dei første kalvane fødde i Norge.

Både sekretæren frå den japanske ambassaden og gastronomisk institutt var på plass på ein gard i Nedstrand, Rogaland.

Byrja med ein julemiddag

Det var to bønder som var over hos ein ven på julemiddag då planen blei lagt. Venen hadde budd i Japan, og var svært begeistra for kjøtet.

– Frå der av bala det berre på seg. Det enda opp med at me reiste til Holland kor me kjøpte fem embryo kvar, seier Inge Dalva.

Dette vil sei små foster på sju veker som dei inseminerer i kyrne deira heime, som då ber fram Wagyu-kalvar av rein rase.

Dalva fekk den første kalven den 16. september. Etterpå fekk han ein til, mens kompanjongen hans fekk fire.

– Det var heilt fantastisk å sjå den første kalven liggja der, seier Dalva.

Dei har fått både kviger og stutar frå ulik slekt slik at dei kan halda fram med produksjonen.

Dyrt kjøt

For vanleg kjøt kostar det eit par 100-lappar per kilo, mens prislappen på dette kjøtet er 1500 til 2000 kroner per kilo. Dalva meiner du må ha smaka kjøtet for å forstå dette.

Ein slakteklar okse har 350-400 kilo kjøt på seg, så sjølv om det på dette stadiet er ei nisje og sideprosjekt for bøndene, ligg det mykje pengar i det.

– Når du skjærer i det er det som å skjæra i smør, og når du bit i det er det som sjokolade, seier han.

Ein kan få kjøpt importerte utgåvar av dette kjøtet også på restaurantar i Norge. Under dagens dåpsseremoni var det Gastronomisk Institutt som førebudde kjøtet.