Hopp til innhold

Store glis for pengar til nytt sjukehus

Helse- og omsorgsminister Bent Høie bladde i dag opp 5,9 milliardar kroner til nytt sjukehus i Stavanger. Dermed er alt i rute for det nye sjukehuset som skal stå ferdig på Ullandhaug i 2023.

Gav pengar til nytt sjukehus

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) og helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) kom i dag med godt nytt til dei som ventar på det nye sjukehuset i Stavanger.

Foto: Rebecca Bjerga

I forslaget til statsbudsjett set regjeringa av 5,9 milliardar kroner i lån dei kommande åra til bygginga av nye Stavanger universitetssjukehus.

Dette utgjer 70 prosent av totalkostnaden på 8 milliardar for det nye sjukehuset på Ullandhaug. Pengane blir utbetalt frå neste år og fram mot 2023.

– Gledeleg dag

Det var helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) som på vegner av regjeringa kunne formidla gladnyheita på Stavanger universitetssjukehus (SUS) i dag.

– Det er ein gledeleg dag at me i statsbudsjettet kjem med pengane til nytt sjukehus og låneløyvingane på 5,9 milliardar er inne, seier statsråd Høie.

Dette betyr at regjeringa går inn slik SUS håpa på.

– Dette er ei svær investering som også gir store moglegheiter for det lokale næringslivet. Sjukehuset har gjennom samarbeid med NHO lagt til rette for at mange lokale underleverandørar kan vera med på prosjektet, seier Høie.

Bent Høie om pengar til nytt sjukehus.

VIDEO: Høyr Bent Høie kommentera løyvingane til nye SUS.

Glad direktør

Direktør ved SUS, Inger Cathrine Bryne, er naturleg nok svært glad for pengane til det nye sjukehuset.

– Dette betyr enormt mykje. Det har blitt jobba hardt frå veldig mange kantar over fleire år for å komma fram til dette prosjektet me i dag har fått beskjed om at finansieringa er på plass for.

Sjukehusdirektøren seier dagens sjukehus på Våland ikkje fungerer så bra som det burde og at det er altfor trongt.

Når står det at litt reguleringsarbeid hos Stavanger kommune, og når forprosjektet er vedtatt 1. mars 2017 er ein i gang med anboda, fortel Bryne, som nå ikkje trur det ligg nokon skjær i sjøen for gigantprosjektet.

– Dette er eit sjukehus for framtida. Når det opnar dørene vil det vera det beste sjukehuset i landet. Det eldste sjukehusbygget me har i dag er 100 år gammalt. Nå legg me planar for dei neste 100 åra på Ullandhaug, seier Inger Cathrine Bryne.

Berre einerom

Første spadestikk på Ullandhaug blir tatt 1. januar 2019 og første byggetrinn skal vera innflyttingsklart i år 2023. På det nye sjukehuset vil det berre vera einerom.

– Eg ønskjer sjølvsagt å vera helseminister også når det nye sjukehuset står klart og ha moglegheita til å vera med å klippa snora. Det vil i tilfelle vera historisk, humrar helseminister Høie.

Nye Stavanger universitetssykehus (skisse)

Slik blir nye Stavanger universitetssjukehus sjåande ut.

Foto: Nordic Office of Architecture/Aart Architects og Svein Lunde (bakgrunnsfoto)