Hopp til innhold

– Eg er stolt av å vera frå Stavanger

Stavanger konserthus er to akter gamal, og publikum er fulle av lovord.

Det var mange nøgde gjester etter opninga av Stavanger konserthus.

Video: Skodespelar Mareike Wang var ei av mange nøgde etter opninga av Stavanger konserthus. (Foto: Kirsti Wilhelmsen)

1500 publikumarar har i kveld fått oppleva ein fullsett konsert i Stavanger konserthus for første gong.

Av dei NRK.no snakka med var det ikkje anna enn begeistring å spora.

– Lyden ber fantastisk

– Eg er stolt av å vera frå Stavanger nå, seier Mareike Wang, som er skodespelar og songar.

Ho er veldig nøgd med lyden i den akustiske scena; Fartein Valen, der opninga føregår.

Fartein Valen

Fartein Valen og Sølvi Vinnes mellom første og andre akt under opninga av Stavanger konserthus.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Lyden ber fantastisk. Denne scena greier å vera intim og open på ein og same gong, seier kvinna som sjølv skal opptre i Stavanger konserthus sin andre sal, Zetlitz-salen.

Stolt namnebror

Ein spesielt stolt mann i publikum er Fartein Valen, han er nemleg oppkalt etter komponisten Fartein Valen, som har gitt namnet til scena der opningskonserten er.

– Etter å ha sett første akt, meiner du salen er verdig namnet på mannen som i si tid stod fadder på deg?

– Eg er sjølvsagt innhabil, men svaret er ja, seier han og ler.

Salen har ei klassisk skoeske utforming og har 1500 seter fordelt på parkett og tre galleri.

Etter å ha høyrt alt frå Janove Ottesen- til Edvard Grieg-stykke i den nye salen, trekk likevel Fartein Valen, namnebroren sitt stykke frem, som det største.

Dette var det andre nummeret i første akt, og det var La Isla de las calmas, op 21 som blei framført av Stavanger symfoniorkester, med Steven Sloan som dirigent.

Birgitte Kverneland

Servitør Birgitte Kverneland sørga for at publikum alltid hadde nok i glaset.

Foto: Kirsti Willhelmsen / NRK

– Stykket av Valen var nydeleg. Denne salen kan formidla musikken hans på ein heilt eineståande måte. Det er så mjukt, så klart og tydeleg at stemmane kjem fram på ein heilt spesiell måte, seier Valen og slår fast at han blei svett på nakken.

Hans klare oppfordring til folk frå Stavanger-regionen er at dei må ut å oppleva konserthuset sjølve.

Hadde nok i glasa

Mellom alle festkledde publikumarane gjekk servitørane som har hatt minst like store nerver før opninga. Dei måtte sørgja for at alle hadde muserande i glaset, og at glasa skein

Og ifølgje Birgitte Kverneland kom også dei seg gjennom opningskvelden med glans.

– Det blir mykje arbeid utover kvelden, men så langt har det gått bra, seier ho, medan kollegaene hennar jobbar for fullt med å få vekk alle dei halvfulle glasa.

– Nå er det inn med alle glasa, få dei gjennom oppvaskmaskinen og så er det på an igjen.

Dermed er alt duka for eit skikkeleg nachspiel i oljebyen si nye kulturborg, Stavanger konserthus.

Sjå video: Ordføraren før opninga

Her kjem ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, til opninga av konserthuset i Stavanger.

Video: Christine Sagen Helgø før opninga av konserthuset.