Hopp til innhold

Politikarane kan vera villige til å la Viking gå konkurs

Dei neste vekene kan bli skjebnesvangre for Viking Fotballklubb. Politikarane kan redda klubben frå ein eventuell konkurs, men er usikre på om dei vil gjera det.

Glisne tribuner på Viking stadion

Eit sal av Viking stadion kan redda klubben frå ein eventuell konkurs.

Foto: Erik Waage / NRK

Den sportslege nedturen Viking opplevde i årets sesong kan bli liten samanlikna med det som ifølgje leiinga kan skje dersom Viking AS går konkurs.

– Det kan medføra tap av lisens, med det resultat at klubben fell nedover i divisjonane, og i verste fall går i oppløysing, seier styreleiar Stig H. Christiansen i Viking AS.

Og ifølgje Christiansen kan dette skje om kommunen ikkje vil kjøpa eller leiga Viking stadion. Det er framleis ikkje snakk om ein konkret kjøpesum, men SR-Banks har eit krav på 55 millionar på Viking som dei ønsker å betala ut.

Stig H. Christiansen

– Det som skjer i bystyret blir avgjerande for klubben si framtid, seier Stig H. Christiansen som er styreleiar i Viking AS, han meiner det er mange gode argument for at kommunen skal kjøpa Viking stadion.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Fredag legg truleg rådmannen fram innstillinga si i saka og politikarane skal endeleg ta stilling til kjøp eller leigeavtale som kan berga klubben måndag 11. desember.

– Konkurs kan sjølvsagt bli ein konsekvens. Har me ikkje pengar så går me konkurs. I dag har me ein plan der kommunen, banken og kanskje eigarane er ein del av løysinga. Dersom kommunen fell frå, så har me ikkje lenger oversikt, seier han.

Politikarane ser på konkurs som ei moglegheit

– Me kan ikkje bruka kommunale pengar på noko som blir oppfatta som ei spesiell hjelp til eigarane til Viking, og som ingen andre ville fått, seier John Peter Hernes som er gruppeleiar i posisjonspartiet Stavanger Høgre til NRK.

Det er Høgre og samarbeidspartia Viking må ha med på laget om dei skal få det som dei vil, men Hernes er ikkje like redd for å la klubben gå konkurs som leiinga.

– Me må kanskje finna ei løysing der klubben først må gjennom ei større krise.

– Kva meiner du med det?

– Eit alternativ er jo at klubben går konkurs. Dersom kommunen seier at me ikkje kan bidra med noko som dei oppfattar som attraktivt, og heller ingen andre går inn med pengar, så er kanskje det vegen å gå. Men så er det jo slik at ein konkurs ikkje kan vera slutten, dersom klubben går konkurs så må ein jo finna ei løysing etter det også, seier Hernes.

Sidan kommunen og Sparebank 1 SR-Bank har pant i stadion, meiner han at desse partane då kan finna ei løysing.

John Peter Hernes

John Peter Hernes er gruppeleiar i Høgre si bystyregruppe i Stavanger. Han meiner at eit stadionkjøp berre er aktuelt dersom det er forretningsmessig fornuftig for kommunen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Fryktar for andre kommunale oppgåver

Opposisjonspartia i bystyre har allereie gjort det klart at det for dei verken er aktuelt å leiga stadion eller å kjøpa den.

– Slik me ser det vil dette få konsekvensar for andre oppgåver me skal forvalta som skule, eldreomsorg og barnehagar, seier Kari Nessa Nordtun, gruppeleiar i Ap.

Det er avgrensa kva ein kan bruka ein fotballstadion til, og fleire meiner at det vil vera eit dårleg kjøp av kommunen.

Flere nyheter fra Rogaland