Hopp til innhold

Testsystemet har ikkje fungert: Sender uvisst tal elevar i karantene

Skulane opna på grønt nivå for å sleppe at elevane skulle i karantene. Det har skapt meirarbeid over heile landet, og i Stavanger ber kommunen om å få ein pause.

Smittevernoverlege Runar Johannessen, Stavanger

Situasjonen er sopass uoversiktleg at kommunen ikkje greier å følgje opp alle testane dei skal gjere og deira nærkontaktar, opplyser Runar Johannessen, helsesjef i Stavanger.

Foto: Frida Ripland Moberg / NRK

– Med den smittesituasjonen som er nå, klarar me ikkje å følgje opp med testsystemet, seier helsesjef Runar Johannessen.

Etter skulestart for ei veke sidan har Rogaland hatt koronasmitte på 12 av 27 vidaregåande skular.

Det har ført til svært mykje arbeid for kommunane. Andre stadar i landet har det blitt meldt om liknande problem.

Årsaka er at skulane frå og med i haust helst skulle vera på grønt nivå.

Hyppig hurtigtesting skulle erstatta karantene og sørge for at elevane fekk bli på skulen.

Men i Stavanger det har ført til at nokre ungdommar har fleire hundre nærkontaktar og hamnar i fleire karantenar oppå einannan – altså det motsette av kva målet med ordninga var.

No ber kommunen om å få ta pausar frå ordninga og vurderar å setje skulane til gult nivå.

Trudde det skulle vere meir normalt

Ved St. Svithun vidaregåande i Stavanger kommune har no eit heilt årskull blitt sett i ei vekelang karantene.

Det skjer etter ei veke med skulegang der nokre elevar har hamna i både to og tre karantenar parallelt med å ha hundrevis av nærkontaktar.

Fleire foreldre NRK har prata med har uttrykt frustrasjon over systemet.

– Vi trudde vi skulle byrje etter sommaren, ta hurtigtestane og vere på skulen som normalt, seier Emilie Osaland Muis.

Emma Victoria Bystøl-Hill og Emilie Osaland Muis.

Emma Victoria Bystøl-Hill og Emilie Osaland Muis tykkjer skulane heller skulle vore på eit strengare nivå og med klårare reglar. – Eg tykkjer det er dumt når det går så mykje fram og attende, seier Osland.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

Ho er av dei som har slept karantenar så langt, og er framleis i timane på St. Svithun. I ein time i dag var det berre fire elevar til stades grunna at mange er i karantene.

– Og då gjekk vi gjennom nesten eit heilt kapittel. Dei som ikkje møtte opp måtte gjere dette heime, og då får dei jo ikkje same oppfølging. Eg er i alle fall veldig glad for at eg var i den timen, seier Muis.

Også Emma Victoria Bystøl-Hill har og vore heldig, trass mange nærkontaktar.

– Eg får jo ingenting ut av å berre sitje heime og vere på skjermen. Eg lærer mykje betre av å sitje på skulen, seier Bystøl-Hill.

Manglar oversikt

– Me ante ikkje at dette skulle bli så mykje arbeid. Me har ikkje oversikt over kor mange me har i karantene.

Eli Karin Fosse er direktør for helse og omsorg i Stavanger kommune.

Grønt nivå på vidaregåande skular gjer at ein smitta elev kan ha fleire hundre nærkontaktar. Dette er fordi elevane gjerne deltek i fleire klassar og idrettslag samstundes.

Nærkontaktane kan soleis også hamne i fleire ulike, men overlappande, karantenar medan dei ventar på testsvar.

Kommunen har hatt problem med å nå ut til alle nærkontaktar når nokon vert smitta og teststasjonane har vore under kraftig press.

Dette skjer trass i at testkapasiteten er skrudd på full guffe.

– For å letta på trykket vurderer me at elevane skal testa seg sjølv, og at dei smitta sjølv må ringa til nærkontaktane sine, seier Fosse.

I eit møte i dag bad Stavanger kommune fungerande fylkeslege, Andres Neset, ta situasjonen opp med helsestyresmaktene.

– Stavanger ønsker pausar frå ordninga, seier Neset til NRK.

Eli Karin Fosse

– Det har blitt veldig krevjande å handtere, seier Fosse. Her utanfor ein av teststasjonane ho seier har vore under press den siste tida.

Foto: SINDRE KIRKAAS NORMANN / NRK

Nakstad: – Bør vurdere gult nivå

Assisterande helsedirektør, Espen Rostrup Nakstad, seier at alle kommunar som slit med den nye ordninga har fleire moglegheiter.

– Det viktigaste er kanskje å vurdera om ein er på rett trafikklysnivå i skulane. Kanskje ein då må gå til gult nivå på skular som er hardt ramma, seier han.

Nakstad slår fast at kommunane sjølv må vurdera sin situasjon.

– Testing av barn og unge skal erstatta karantene i størst mogleg grad. Men om ein ikkje klarar det må ein innføra karantene likevel, inntil ein forhåpentlegvis får så god kontroll at ein kan testa meir igjen.

Espen Rostrup Nakstad i Helsedirektoratet

Espen Rostrup Nakstad seier kommunar sjølv må vurdere om det å opne på grønt nivå i skulane var det rette, eller om dei må setjast attende til gult nivå med fleire restriksjonar.

Foto: Heiko Junge

Flere nyheter fra Rogaland