Hopp til innhold

Politikar om festival­reglar: – Forvirrande og urettferdige

Fleire Snapchat-videoar av festglade studentar i Stavanger gjer at bystyrepolitikar, Frode Myrhol, går til angrep på regelverket.

Snapchat-videoer viser store folkemengder under Fadderugå i Stavanger, men det er helt lov.

Snapchat-videoar med store samlingar av folk under Fadderuka i Stavanger. Det skal ver etter forskriftene. Bystyrepolitikar i Stavanger, Frode Myrhol, reagerer på reglane.

Foto: Skjermdump / Snapchat

– Eg har sjølv opplevd å få tilsnakk på pub, berre fordi eg har stoppa opp og sagt hei ved eit bord, fortel Frode Myrhol, som er bystyrepolitikar for FNB i Stavanger.

Han er oppgitt over at utelivet må praktisera særs strenge reglar ovanfor gjestane sine, medan det på andre arrangement med alkohol etter hans meining er mykje friare.

Frode Myrhol

Frode Myrhol sit i bystyret i Stavanger for Folkeaksjonen nei til mer bompenger.

Foto: Jan Kåre Ness / Jan Kåre Ness

På studentfestivalen Fadder i førre veke kunne deltakarane bevega seg fritt rundt i sin kohort. Grunnen til det er at alle i publikum må ha koronasertifikat, eller ein fersk negativ koronatest.

Reagerer på video

I fleire Snapchat-videoar frå festivalen, som Myrhol har lenka til på sin Facebook-profil, meiner han at det ser ut som om det ikkje lengre er korona i samfunnet.

Han meiner at mange i publikum ser ut til å bryta avstandsanbefalingar, og stussar over at ein kan ha ein såpass fri festival, sjølv om krava for å koma inn er strenge.

– Det må vera utruleg frustrerande for utelivsbransjen å sjå dette. Men det er ikkje festivalen sin feil, det er regjeringa. Reglane er forvirrande og urettferdige.

Reglane han viser til seier mellom anna at ein kan ha opp til 3000 personar, utan fast plass, på eit arrangement der du krev koronapass. Då må publikum må vera delt inn i kohortar på 500 personar, og gjestekapasiteten må vera dobbelt så stor enn talet på gjestar i kvar sone.

– Studentane har kost seg

Faddersjef for Fadderuka ved UiS, Mille Marie Isaksen, er særs nøgd med gjennomføringa av festivalen deira, og seier at dei har heldt seg innanfor dei gjeldande koronareglane. Dersom publikum ikkje har alkohol med seg, har dei kunna bevega seg fritt, med tilråding av ein meter avstand.

– Me forklarte også studentane at det er andre reglar som gjeld for utelivet, dersom nokon skal vidare ut på byen etter konsertane, seier ho.

Når det kjem til kritikken frå Myrhol, vil ho berre svara på generelt grunnlag.

Mille Marie Isaksen

Mille Marie Isaksen er Faddersjef i Stavanger.

Foto: Lene Underhaug / NRK

– Det er viktig å skilja mellom reglane som gjeld for utelivet og reglane som gjeld for arrangement. Me held oss til reglane som gjeld for arrangement, seier ho.

– Kva tenker du om videoane?

– Det er hyggeleg at studentane har kost seg. Eg er særs glad for at festivalen har gått så bra som han har. Av om lag tusen personar som har testa seg, har dei ikkje fått nokon gitt utslag på korona.

Ho seier også at dei har lagt til rette for og tilrådd alle om å halda avstand på ein meter. Men vil ikkje meine noko om kor flinke publikum var til å overhalda dette.

Strenge krav

– Hadde Vågen sett ut som fadderarrangementa gjorde, hadde det blitt stengd ned på flekken. Det kjenst djupt urettferdig.

Det skriv dagleg leiar på utestaden Backstage i Stavanger, Daniel Svela, på Facebook-posten til Myrhol.

– Eg er ikkje i mot at studentane skal få kosa seg, men då burde andre også få gjera det, seier Myrhol.

Myrhol viser også til større festivalar, som har valt å avlysa, som Utopia-festivalen i Stavanger, der Alan Walker skulle stått på scena neste helg.

Festivalen søkte fritak for anbefaling om avstand, men fekk det ikkje.

Kan ha fleire gjester

Helse- og omsorgsdepartementet har opna for at arrangement med koronasertifikat kan ha fleire personar til stades enn på til dømes ein serveringsstad.

Årsaka til det, er at ved slike arrangement treng ikkje beskytta personar å halde avstand til personar i same følgje, med mindre desse er ubeskytta og i risikogruppa.

– Desse reglane er basert på smittevernfaglege råd, då det er mindre truleg at det skjer smittespreiing når alle deltakarane er beskytta eller har teke ein hurtigtest i løpet av dei siste 24 timane, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Saliba Andreas Korkunc.

Saliba Andreas Korkunc

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Saliba Andreas Korkunc.

Foto: Lise Åserud / NTB

Men må halde avstand

Han peikar på at kravet i koronaforskrifta om smittevernfagleg drift både gjeld ved serveringsstader og ved arrangement med og utan koronasertifikat.

Kravet er innført slik at gjestene skal kunne halde avstand og for å halde oversikt over besøkande.

– Det er arrangøren og serveringsstaden si oppgåve å sørge for at det er mogleg å halde avstand til andre som ikkje er i same husstand, eventuelt i same følgje dersom det er eit arrangement med koronasertifikat, seier han.

Korkunc seier at det er opp til kommunane å føre tilsyn med at verksemder som blir omfatta av forskrifta driv smittevernfagleg forsvarleg. Dette gjeld og for arrangement som nyttar seg av koronasertifikat.