Hopp til innhold

Dette gjer rekordkabelen med straumprisen

Prisen for straum i Sør-Noreg vil falle i morgon, men verdas lengste undersjøiske straumkabel vil gi dyrare straum på sikt.

Endestasjon englandskabel i Kvilldal

Her er den rekordlange straumkabelen kopla på det norske kraftnettet. Endestasjonen er sentralt plassert i Kvilldal i Rogaland, like ved Noregs største vasskraftverk.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Fredag 1. oktober startar prøvedrift av verdas lengste undersjøiske straumkabel. Den omstridde kabelen går mellom Blyth nord for Newcastle og Kvilldal i Suldal i Rogaland.

Allereie frå klokka 10.00 i morgon vil det overførast nok straum til å halda 718.000 britiske panelomnar i drift.

Mange er spente på korleis opninga av kabelen vil slå ut på straumprisen.

I dag har det vore ein auksjon for korleis straumprisane i morgon vil bli, her er kabelen North Sea Link med i reknestykket.

Analysesjef Tor Reier Lilleholt i Wattsight

Analysesjef Tor Reier Lilleholt i Insight by Volue.

Foto: Sondre Steen Holvik / Sondre Steen Holvik

Ifølgje Nordpool vil prisen for straum i Sør-Noreg falle i morgon, og vera på 55 øre på det lågaste mellom klokka 13.00 og 14.00.

Grunnen til dette er først og fremst meir regn og vind. Det senkar straumprisane i både Noreg og Tyskland, ifølgje analytikarane.

– Prisane har gått ned. Så skal ein vite at det er andre forhold enn kabelen som påverkar dette, seier analysesjef i Insight, Tor Reier Lilleholt.

– Viss kabelen ikkje blei opna, ville prisen då ha vore endå lågare i morgon?

Englandskabel Kvilldal

Den nye straumkabelen mellom England og Kvilldal og Noreg har ein kapasitet på 1400 megawatt. Her er kabelen kopla på den norske endestasjonen i Kvilldal i Rogaland.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Det er eit hypotetisk spørsmål. Det er vanskeleg å svara på, men eg går ut frå at prisen kunne vore endå lågare utan kabelen, fordi det har vore påverknadar av vind frå Tyskland, seier Lilleholt.

Kan bli større priseffektar

I kabelen flyt det straum tilsvarande forbruket til ein by på storleik med Oslo. Norske industribedrifter meiner landet nå gir frå seg ein stor konkurransefordel.

I starten blir det mest eksport til Storbritannia som står midt i ei energikrise, men på sikt skal det også gå britisk vindkraft i retur.

Og for norske straumkundar i Sør-Noreg vil truleg rekordkabelen gi litt dyrare straum.

Ifølge Statnett sine eigne anslag er det snakk om ein priseffekt over tid på 2–3 øre per kilowattime.

Men anslaga er usikre, ifølge Statnett. Med den britisk energikrisa aukar også etterspurnaden etter norsk kraft. Det kan gi større priseffektar på kort sikt.

– Me trur effekten blir om lag 5 øre per kilowattime på kort sikt i Sør-Noreg, medan Midt-Norge og Nord-Norge vil vera upåverka av denne kabelen, seier kraftanalytikar Marius Holm Rennesund i Thema Consulting.

Når han snakkar om kort sikt meiner han dei første månadane.

Analytiker og partner Marius Holm Rennesund holder foredrag for journalister om kraftmarkedet.

Kraftanalytikar Marius Holm Rennesund i Thema Consulting.

Foto: Hallvard Norum / NRK

– Ein forsmak på det som ventar oss

Med ein straumpris på rundt 1 krone per kilowattime i dag betyr det om lag 5 prosent dyrare straum på kort sikt.

– Me sender ut kraft til ein britisk marknad som prisar straumen mykje høgare enn oss. Då aukar snittet her til lands også, seier Andreas Myhre, direktør for krafthandel i Entelios.

Andreas Myhre

Direktør for krafthandel i Entelios, Andreas Myhre.

Foto: Geir Anders Rybakken Ørslien / LOS Energy

På lang sikt, 5–10 år fram i tid, blir likevel ikkje priseffektane større enn Statnett sine anslag på 2–3 øre per kilowattime, ifølge kraftanalytikar Holm Rennesund.

Men også Statnett innrømmer at norske straumkundar i større grad må rekna med prissvingingar med fleire straumkablar frå Noreg til Europa.

– Når Noreg og våre naboland går frå fossilt til fornybart vil me oppleva prisar som varierer meir enn i dag. Me ser ein liten forsmak på dette nå, seier konsernsjef Hilde Tonne.

– Bra klimaprosjekt

Konsernsjefen understrekar likevel at den 720 kilometer lange kraftkabelen mellom Noreg og England er eit bra klimaprosjekt.

– Den bidrar til at me aukar forbindingane mellom Noreg og landa rundt slikt at me kan levera på overgangen til fornybarsamfunnet. Det er veldig godt nytt.

Må førebu seg på større svingingar

Direktør for krafthandel i Entelios, som er ein del av Agder Energi, Andreas Myhre, understrekar at gjennomsnittsprisen på straum ikkje blir høgare i framtida.

– Men forskjellane frå sesong til sesong, kvartal til kvartal og time til time kjem til å auka betydeleg i det grøne skiftet.

Altså må nordmenn må førebu seg på større svingingar i straumprisane.

Men altså: I morgon vil straumprisen gå ned. Hovudsakleg på grunn av meir vind og regn. I Tillegg til at det i natt og i dag har kome inn meir straum gjennom tysklandskabelen. Dette gjer at prisane går ned.

– Effekten av desse faktorane veg opp for effekten av eksport gjennom englandskabelen, og vel så det, seier Ole Tom Djupskås, kraftanalytiker i analyseselskapet Refinitiv, som analyserer energi- og råvaremarkeder..