Stans i Hundvågtunnelen

Politiet melde klokka 11.19 at det er uråd å koma seg til Hundvåg gjennom E39 Eiganestunnelen i Stavanger i retning nordover. Avkøyringa mot Hundvågtunnelen er stengt på grunn av at ein bil har fått motorstopp.