Hopp til innhold

110 år med norsk industrihistorie går mot slutten: – Eg kjenner det i magen

Morten Næss (62) har jobba på hjørnesteinsbedrifta i over 40 år, opplevd tre konkursar og ei rivande utvikling. Nå går det mot siste vakt på stålverket som «støypte» Jørpeland.

– Eg kjenner det mange gonger i magen. Dette er ikkje kjekt i det heile tatt, seier Morten Næss og tar oss med til der stålet blir smelta opp til 1600 grader.

62-åringen begynte «på golvet» alt som 17-åring. Med berre nokre få pausar har han halde ut i same bedrift.

Sidan midten av 90-talet som kvalitets- og HMS-ansvarleg.

Nå er han i gang med den vemodige ryddejobben etter 110 år med industrihistorie. Stålverket på Jørpeland i Ryfylke skal avviklast.

I sommar er det definitivt slutt.

For HMS-sjefen er det ekstra spesielt. Han er i dag den med nest lengst ansiennitet. Alle tre brørne har ei fortid på stålverket. Ein jobbar der framleis.

Faren var stålverksarbeidar i 30 år, og morfaren frakta gods sjøvegen til byen (Stavanger).

– Stålverket er Jørpeland. Det er her me har tent pengane og etablert oss. Stålverket har betydd mykje for meg og resten av dei som har jobba her.

Morten Næss

Morten Næss begynte på Stålverket på Jørpeland alt som 17-åring. – Eg veit nesten ikkje kva eit liv utan stålverket er.

Foto: Ole Andreas Bø

Stålverket er Jørpeland. Det er her me har tent pengane og etablert oss.

Morten Næss

Industrisamfunn vaks fram

Det var utbyggingane av vasskraft som gjorde at storindustri vaks fram i utkantane tidleg på 1900-talet. På Jørpeland blei det stålverk, i Sauda og Odda smelteverk.

På Jørpeland, som fekk bystatus i 1998, har det blitt produsert stål sidan 1912.

Utviklinga frå bygd til industristad skjedde raskt. På det meste jobba 1150 personar på stålverket i stordomstida på 60-talet

– Stålverket skapte og forma Jørpeland som noko heilt anna enn ei lita jordbruksbygd som det var før. Det blei eit stort industrisamfunn, seier Harald Maaland.

Han er forfattaren av boka om den lokale industrihistoria, «Stålverket som støpte et samfunn».

– Eit spesielt trekk ved industrialiseringa av Noreg var at det hamna store bedrifter inst i fjordarmar og djupe dalar, i nærleiken av fossefall. Straumen kunne ikkje blir transportert over store avstandar den gongen. Derfor måtte bedriftene etablerast der krafta var.

Stålverket skapte og forma Jørpeland som noko heilt anna enn ei lita jordbruksbyg.

Harald Maaland, forfattar

Smeltedigel frå Europa

Behovet for arbeidsfolk førte til ein smeltedigel av nye innbyggarar frå fleire europeiske land. På Jørpeland fekk eit bustadfelt passande nok namnet «Svenskebyen».

– Det må nesten ha vore som ein invasjon av framandspråklege i den vesle bygda og ein kraftig omvelting, seier Maaland.

Ifølge forfattaren er det store likskapstrekk mellom industrisamfunna som vaks fram. For eksempel Sauda, Rjukan, Høyanger og Odda.

Men på Jørpeland gav dei ikkje heilt slepp på bygdepreget.

– Det var arbeidarklasse og arbeidartradisjonar her også, men det var eit sterkare innslag av bygd, bedehus og gamle verdiar enn i fleire andre industrisamfunn. Det var ikkje like skarpe skilje i samfunnet.

stålverksarbeidarar

Arbeidarar ved stålverket på Jørpeland i 1912.

Foto: «Stålverket som støpte et samfunn»

Største industrikonkurs i Noreg

Den store nedturen for stålverket kom i 1977.

Nesten 1000 stålverksarbeidarar mista jobbane sine. Det som den gong var den største industrikonkursen i Noreg, var eit faktum.

«Mange går på nervetablettar», sa formannen i Strand Arbeidarparti, Ove Larsen, frå talarstolen på eit allmøte.

Ifølge forfattar Maaland var konkursen eit kraftig sjokk og som eit jordskjelv som råka bygda.

– Svært mange blei arbeidsledige, og mange var redde for at det skulle bli fråflytting.

Morten Næss jobba den gongen som ung mann i smelteverket.

– Det var tragisk. Me tente pengar også på den tida, så me forstod det ikkje.

Vågen på Jørpeland

Slik såg det ut i Vågen på Jørpeland omkring 1900, før stålverkstida.

Foto: «Stålverket som støpte et samfunn»

Gode arbeidskameratar

Heldigvis gjekk det betre enn frykta. Stålverket kom på beina igjen, men stordomstida var over.

Der Næss starta karrieren som 17-åring er det i dag møbelforretning og lensmannskontor.

HMS-sjefen er glad for at dei 77 stålverksarbeidarane som er igjen har klart å ta vare på det som kanskje er det viktigaste.

– Kameratskapet blant kollegaene mine er heilt fantastisk. Når me nå skal avvikla, er det total oppriving i det trygge me har hatt.

Sjølv dei største optimistane er nå sikre på at det ikkje blir nytt liv i stålverksomnane på Jørpeland.

Dette trass i at hjørnesteinsbedrifta blei redda etter to konkursar i nyare tid, i 2015 og 2017.

Morten Næss

Nå handlar det om å avvikla drifta på stålverket for Morten Næss. Dei første arbeidarane sluttar i januar, så er det nedtrapping mot sommaren.

Foto: Ole Andreas Bø

Håpar på ny industri

1. desember i fjor vedtok styret i Stavanger Steel AS å avvikla drifta etter fem år. For dårleg kundegrunnlag og store vedlikehaldsinvesteringar er blant hovudårsakene.

Dei høge energiprisane gjer det ikkje akkurat enklare.

– Me måtte ta eit ansvarleg val og avvikla, seier dagleg leiar Rasmus Nordbø.

– Ser du moglegheiter for annan industri på tomta?

– Det er mykje kraft tilgjengeleg, i tillegg til kjølevatn frå sjøen like ved. Me trur absolutt det er moglegheiter for annan type forretning her, seier Nordbø.

Han skulle helst sett at dei sjølve var klare med ein ny type industri før dei gjorde vedtaket om nedlegging.

Den siste stålverksarbeidar i familien Næss blir minna mest kvar dag om at stålverksepoken på Jørpeland går mot slutten. Sjølv er han blant dei heldige som har fått AFP.

– Det ideelle måtte vore å gått ut porten og sagt at nå gjer eg noko anna. Då hadde eg sleppt å vore med på nedlegginga, seier Morten Næss.

Nå jobbar Strand kommune med fleire aktørar for å best ta vare på den rike industrihistoria. Målet er blant anna ein film om industrieventyret.

Sjå reportasjen om stålverket på Jørpeland som gjekk i NRK Laurdagsrevyen 22. januar 2022.